Guttorm Hagen seier politipatruljane køyrer gjennom tunnelen heile døgnet, og at inntrykket deira er at trafikken vanlegvis flyt godt.  Men etter at det vart kjent at fartsmålinga i Eiksundtunnelen ikkje fungerer, seier Hagen:

– Det er halde laserkontrollar i Ellingsøytunnelen og i tunnelane på Kvivsvegen, så slike kan kome også i Eiksundtunnelen.

Han rår folk til å halde fartsgrensa, unngå saktekøyring og ikkje jage.

– Ein kjem raskt nok gjennom tunnelen viss ein held fartsgrensa, slik unngår vi ulukker. Eg håper Statens vegvesen rettar feilen snart, seier Hagen.

Ifølgje vegvesenet skal fartsmålinga i Eiksundtunnelen fungere igjen i løpet av hausten.

Denne saka sto først på vikebladet.no

Våren 2012 vart det sett i gang gjennomsnittsmåling, eller strekningsmåling, i den nesten åtte kilometer lange Eiksundtunnelen. Målinga førte til 29 inndregne førarkort og nesten tre millionar kroner i bøter, før fotoboksane slutta å fungere tidleg i 2015. – Dette visste eg ikkje, seier lensmann Guttorm Hagen. Foto: Linda Eikrem / Vikebladet