– Det skjer laurdag 12. august Då opnar vi puben med å arrangere coutryaften, og å by på ein heilt ny ølsort som vi kallar Tonge-Tores Ipa. Med øl, hatt, boots og countrymusikk satsar vi på god stemning på garden.

Dagleg leiar for Tonga Gardsbryggeri, Synnøve Bjørnstad, sprudlar av iver når ho fortel om neste utviding av bryggeridrifta som no står for døra.

Samlingsrom

Gardsbryggeri: Synnøve Bjørnstad og Stein Harald Døving tar seg ein ølpause i arbeidet med silopuben dei opnar på garden.

– Publokalet er meint som ein stad der folk som vitjar gardsbryggeriet kan sette seg ned for å smake på ølet vi lagar, og lytte til informasjonen vi gir om produksjonen. Talet på grupper og privatpersonar som kjem hit på omvising og ølsmaking er sterkt aukande, så silopuben har tvinga seg fram, seier Stein Harald Døving. Han fortel at då dei hadde open dag tidlegare i sommar var over hundre personar innom gardsbryggeriet.

Pubkveldar

For at pubdrifta ikkje skal gå ut over sjølve ølbrygginga, kjem sambuarane til å halde silopuben open berre når ulike bedrifter og andre grupper har

Utval: Gamle eplekasser i bruk som hyller i butikkutsalet til Tonga Gardsbryggeri.

tinga bryggeribesøk. Og når dei ved ujamne mellomrom har tid til å arrangere opne pubkveldar. Slik som laurdag 12. august når silopuben skal visast fram, og ein ny ølsort skal lanserast.

– Og nye ølsortar er i kjømda. Ølet Tonge-Tores Ipa som blir lansert når silopuben opnar, er ein hyllest til Tore,- bestefaren til Stein Harald, fortel Synnøve Bjørnstad.

–Det meste eg kan om ølbrygging har eg lært av far og bestefar, kjem det frå Stein Harald Døving som no riggar til pubopning.