Stordal og Norddal blir truleg Fjord kommune

Frå 1.januar 2020 blir Norddal og Stordal ei kommune, og fellesnemda meiner at det nye kommunenamnet skal vere Fjord kommune.

SAMAN: Ordførar Arne Sandnes, Norddal, fylkesmann Lodve Solholm og ordførar Eva Hove, Stordal.  Foto: Innsendt

Nyheter

Det kjem fram i ei pressemelding sendt frå Eva Hove, ordførar i Stordal kommune. Innbyggjarane i dei to kommunene vart inviterte til å kome med framlegg til namn. Ifølgje pressemeldinga kom det inn 60 ulike forslag og over halvparten av desse hadde med fjord enten som forstaving eller som siste del av ordet. Hove seier til Sunnmørsposten at ho tykkjer det var artig at det kom inn så mange forslag.


Ordførarane har signert intensjonsavtale om samanslåing:

Stordal og Norddal kan verte Storfjord kommune

Tidlegare har kommunane vore i samtalar med fleire, mellom anna Ørskog, om å gå saman i ein større landkommune. Det arbeidet førte ikkje fram, men no ser det ut til Stordal og Norddal aleine kan verte den nye Storfjord-kommunen.

– Det blir spennande å sjå kva innbyggjarane meiner. Eg håper dei vil like det. I fellesnemda var

Stordal kommune vil forhandle med Ørskog og Norddal

Stordal ønskjer å forhandle med Ørskog og Norddal om å danne ein ny kommune.

det einstemmig oppslutning om namnet, seier ho.

Fellesnemda har bestått av fire politikarar frå Norddal og fire politikarar frå Storddal. Samansetninga har vore tverrpolitisk. Hove fortel at ho allereie har blitt glad i namnet.

– Eg har fått tida til å tenke på det og smake på det ei stund sidan eg har vore i denne posisjonen. Eg tykkjer det er eit fint namn som dekker vårt område. Eg var nyleg på fjelltur og såg kor fjordane breida seg utover. Då tenkte eg at dette namnet beskriv oss, seier ho.

Skal drøftast


Namneforslaget skal no drøftast i eit felles kommunestyremøte den 25.august. Etter det skal kvart kommunestyremøte gjere sitt vedtak. Namneforslaget skal deretter vedtakast ved kongeleg resolusjon. Dersom dei to kommunene er samde om namn på den framtidige kommune, skal det mykje til at dette namnevalet ikkje vert godkjent.