Det seier Inger Bakke, styremedlem i Fjord Cadenza – og programansvarleg for ein ny serie med det ho omtalar som intro-konsertar, i regi av festivalen.

For med støtte frå mellom anna Sparebanken Møre skal Fjord Cadenza det neste året halde seks slike konsertar, den første allereie under sjølve festivalen, nærare bestemt på familielaurdagen i Jentekolonien.

Klassisk først ut

Og sidan klassisk musikk er ryggrada til Fjord Cadenza, er det nett klassisk som er tema for den første konserten.

– Og etterpå skal vi ete saman. Risgraut, legg ho til.

Krevjande

Også dei fem andre intro-konsertane vil bli halde nett på Jentekolonien, men arrangøren ventar med å røpe programmet for desse til etter festivalen.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Programansvarleg: Inger Bakke er styremedlem i Fjord Cadenza og har programansvar for intro-konsertane. ARKIVFOTO: STAALE WATTØ