Vogntog kan ikkje passere, presiserer Vegvesenet. Vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor styrt trafikkavvikling og ledebil.

Bilistane må rekne med ventetid på inntil ein time.

Richard Grov, som driv Hotel Alexandra, Loen Skylift med meir, har vore ein av pådrivarane for at turistbussar igjen skal kunne køyre her.

– No skal mellom anna turistbussar sleppe fram, seier Ole Kristian Årset i Statens vegvesen til smp.no.

– Vi har no fått tilstrekkeleg oversikt over skadar og fått utbetra det som er nødvendig for at vi kan setje på tyngre trafikk. Det er mykje skadar på vegen over Utvikfjellet i tillegg til skadane i området rundt bruene. Det er skadar som svekker bereevna til vegen. Dette har vi no kontroll over og kan setje på tyngre og lengre køyretøy, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen i pressemeldinga.