Politiet meldar måndag kveld at dei har teke imot fleire telefonar frå folk som rapporterer om at det kjem røyk ut av Eiksundtunnelen i Ørsta.

Ifølge Politiet i Møre og Romsdal sin Twitter-konto dreier det seg derimot ikkje om noko tunnelbrann. Det er nemleg ikkje røyk, men kondens som siv ut. Viftene går, ifølge politiet, for fullt for å avhjelpe situasjonen.

Ansvarlege for drift av tunnelen har fått melding.