Melding om røyk i Eiksundtunnelen

Men det er ikkje røyk, seier politiet.
Nyheter

Politiet meldar måndag kveld at dei har teke imot fleire telefonar frå folk som rapporterer om at det kjem røyk ut av Eiksundtunnelen i Ørsta.

Ifølge Politiet i Møre og Romsdal sin Twitter-konto dreier det seg derimot ikkje om noko tunnelbrann. Det er nemleg ikkje røyk, men kondens som siv ut. Viftene går, ifølge politiet, for fullt for å avhjelpe situasjonen.

Ansvarlege for drift av tunnelen har fått melding.