Studentane er igjen på plass i Volda, og tysdag blei alle ønskte velkomne med talar og musikalske innslag.

I velkomsttalen trekte rektor Johann Roppen fram Høgskulen i Volda sine fag innan samfunnsfag og humaniora, som spesielt viktige i ei tid der «fake new», falske nyheiter, er blitt tema.

– Spørsmåla i humaniora er blitt lyfta fram. Kva er sant og usant, og kva kan vi stole på? I Volda møter ein fag der ein blir trena i etisk refleksjon. Her får ein danning og hjelp til å orientere seg i verda i dag, sa Roppen.

Trygge jobbar

Roppen la også vekt på at det er stort behov for dei som tek utdanninga si i Volda:

– De kan rekne med interessante og trygge jobbar når de er ferdige med utdanninga her, sa Roppen.

Minte om naturfare

Rektoren oppmoda elles studentane om å ta vare på og bry seg om kvarandre. Dessutan oppmoda han dei om å bruke naturen, men skaffe seg kunnskap om korleis:

– De er no i verdas vakraste natur. Bruk naturen, men vit kva de gjer. Vi har mange studentar, men ingen å miste, sa rektoren.

Oppmoda til engasjement

Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande, fekk æra av å opne studieåret 2017/18 ved Høgskulen i Volda. Ho er sjølv utdanna lærar frå høgskulen og kunne nyleg feire 20-årsjubileum. Og ho oppmoda studentane om å legge grunnlag for varige vennskap og at dei ønskjer å møtast igjen.

– Engasjer dykk! Å vere student handlar om mykje meir enn førelesingar og lesesal. Ha fokus på å studere, men delta. De må ha det kjekt i lag, var Sande sin bodskap.

Trekte fram Warholm

Ho rådar studentane til å tenkje fellesskap, og brukte nybakt verdsmeister Karsten Warholm som bilde:

– Trur de Karsten Warholm hadde kome dit han er utan gode støttespelarar? Eg trur ikkje det. Han har talentet, men sigeren er ein lagsiger. Tenkt over korleis du kan vere med og gjere andre gode, skape vinnarar. Gir du andre støtte er det også lett å få støtte når du sjølv treng det, sa Sande.

Under opninga blei det også delt ut studentpris, til Tormod Malvin Sæther. Han har gjennom arbeidet på Rokken gjort ein særleg stor innsats for fellesskap og studiemiljø i Volda.

Fleire enn i fjor

Det er ikkje lett å seie kor mange som var møtt fram på opninga, men det er klart at det var hundrevis av studentar.

Ifølgje nettsida til høgskulen har 160 fleire takka ja til å studere ved Høgskulen i Volda i år, målt mot same tidspunkt i fjor. 2868 av dei som har fått tilbod har takka ja til studieplass.

Dette er tal som omfattar både det lokale opptaket ved høgskulen og Samordna opptak. Studiedirektør Gonnie Smit seier dei har eit godt håp om å bikke 4000 studentar totalt.

Ifølgje rektor Johann Roppen er over 100 studentar frå 30 ulike land på plass i Volda.