Solvik-Olsen sa nei til Romsdalsaksen

Dei som jobbar for Romsdalsaksen møtte mannsterkt opp då samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen besøkte Brattvåg torsdag kveld.

F.h. Frode Gjelstenli og Kai Magne Stokkeland var med i delegasjonen frå arbeidsgruppa for Romsdalsaksen. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen sa relativt kategorisk nei til at det blir aktuelt å revurdere Møreaksen til fordel for Romsdalsaksen.  Foto: Per Ove Stige

Nyheter

Det er viktig å halde kostnadene på vegprosjekt nede, sa Solvik-Olsen fleire gonger til dei rundt 30 frammøtte på ID-huset.
Det gjorde det lett for delegasjonen frå Romsdal å utfordra ministeren, og det gjorde dei gjentatte gonger. Er det ikkje på tide å revurdere Møreaksen, lurte dei på.