– Det blir kolonnekøyring for alle køyretøy frå fredag klokka16.00. Dei siste utbetringane på omkøyringsvegen vert gjort no,slik at me kan sleppe endå større køyretøy gjennom, seieravdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Statens vegvesen og Sogn og Fjordane fylkeskommune har jobba for åutvide passeringa forbi det flaumskadde partiet på fv. 60 i Utviktil å gjelde også tyngre køyretøy, skriv vegvesenet.

– Men først måtte ein kome lengeri anleggsarbeidet på plassen, og ein måtte få oversikt over ogreparere skader fleire stader på vegen over Utvikfjellet, slik atdet blir trygt for tyngre bilar å køyre over.

Vil opne i september

Den midlertidige vegen er framleis å rekne som einvegskøyrd. Omkøyringsvegen blir døgnopen, men vegvesenet oppmodar tungtrafikk om å ikkje køyre på natta, grunna sjenanse for private bustadar tett ved.

Planen er å opne fylkesveg 60 rundt 20. september. Vegen blei stengd etter store skadar under flaumen.

Tek bort ekstraferje

Frå laurdag av blir det igjen ei ferje på sambandet Anda-Lote.

– Me vil rose Fjord1 som var raskt på plass med ekstraferje og hartrafikkert sambandet med to ferjer i perioden med stenging ogredusert framkomst over Utvik, seier Svenn Finden.