– Difor kjem vi ikkje i gang med operasjonen enno, ikkje før marknaden for ankerhandteringsfartøy har roa seg, seier kaieigar Bjørn Idar Lyngvær.

Han har inngått ein avtale med reiarlaget Island Offshore i Ulsteinvik, som skal ta på seg jobben med å snu vraket av den havarerte trålaren «Krasnoselsk».

Skipsvraket ligg på botnen rett utanfor kaia til Lyngvær, og hindrar dermed all bruk av kaia.

Kjetting

– Førebuingane til arbeidet er ferdig. Det er mellom anna teke hol i lasterommet slik at ein kan få pumpa ut vatn og erstatta den med luft. Det vil gje skipet oppdrift. Vidare er det lagt ein kjetting rundt overbygget på rorhuset, forklarer Lyngvær.

Han legg til at alt dette er gjort etter råd frå Per Farstad, ein veteran innan skipsberging.

Ved hjelp av ankerhandteringsfartøy skal ein velte vraket over på sida og snu det 180 grader.

I år

– Eg veit ikkje når Island Offshore har to ledige fartøy til dette oppdraget. Det blir iallfall ikkje før i september, og kanskje heller ikkje før i oktober eller november. Men det skal iallfall skje i år, slår Bjørn Idar Lyngvær fast.

Han eig bedrifta Fishteck Hygena AS, som ikkje kan nytte kaia i Hundeidvik så lenge vraket ligg og sperrar.

Dette er ei sak som opptek mange i området. Lyngvær seier at han stadig vekk får spørsmål frå folk som vil vite korleis det går med flyttinga av vraket.

Ingen dato

Han kan altså ikkje gje nokon dato for når flyttinga skal skje.

Men kan han svare på kor lang tid sjølve flytteprosessen vil ta?

– Er vi heldige, går det på fem timar. Eller så tek det ein dag. Og er vi skikkeleg uheldige, så går det ikkje i det heile teke. For dette er jo aldri blitt gjort før.

– Vil det å bruke to fartøy i staden for eitt bety at operasjonen også blir dobbelt så dyr?

– Nei, det betyr det ikkje. Men det blir sjølvsagd dyrare, svarer Bjørn Idar Lyngvær, som tidlegare har anslått at flytteoperasjonen kjem på rundt 800.000 kroner.

Sykkylven kommune har sagt at dei kan bidra med 200.000 kroner.