– Dette må ikkje bli vedtatt. Det seier brannsjef Geir Thorsen i Ålesund, Giske og Haram. Saman med Giske-ordførar Harry Valderhaug (KrF) går han no ut med eit klart nei til eit forslag om å droppe fleire tiltak som er planlagt gjennomført under rehabiliteringa av Godøytunnelen, for å spare pengar.

Sunnmørsposten har tidlegare skrive at rehabiliteringa av tunnelen ligg an til å bli vesentleg dyrare enn det ein har budsjettert med, noko som mellom anna skuldast få tilbydarar: Før eventuelle kutt i tiltak, men likevel etter nokre justeringar, har Statens vegvesen signalisert behov for 410 millionar kroner til rehabiliteringa – medan arbeidet ligg inne i økonomiplanen med 373 millionar kroner.

Vil kutte nesten 15 mil.

Forslaget om å kutte i tiltak – eit forslag som vil gjere at ein sparer i alt 14,9 millionar kroner, er del av tilrådinga frå ei samrøystes plannemnd for samferdselsutbygging til fylkesutvalet, som skal behandle saka 28. august. I reknestykket, der ein går inn for å auke den tilgjengelege ramma til 403 millionar kroner, har ein nemleg sagt ja til alle kuttmoglegheitene i prosjektet som ikkje går utover krava i tunneltryggleiksforskrifta.

– No er det ikkje slik at vi meiner det blir ein utrygg tunnel om desse kutta blir vedtatt, understrekar Thorsen og Valderhaug.

– Likevel tilrår ein altså mellom anna å droppe talevarslingsanlegg som blir nytta for å få gitt viktig informasjon når noko skjer, vidare ein såkalla varmedetekterande kabel som ville vist nøyaktig plassering av varme. Dei vil også styke havarilomme og førebuingar til evakueringsrom frå lista. Alt dette er tiltak som går på trafikantane sine mogelegheiter for sjølvberging når ulykka er ute. Når det gjeld havarilommer og evakueringsrom har vi eksempel – både frå Gudvangatunnelen og Oslofjordtunnelen, på at slike har vore med å redde liv, seier Thorsen – og varslar intensiv lobbyisme dei kommande dagane.

Om minimumskrav

– Ein ting er kva som er minimumskrava i forskrifta, noko anna er kva som bør gjerast opp mot den tunnelen ein har med å gjere. Godøytunnelen er ein type tunnel vi ikkje ville ha fått bygt i dag. Mellom anna er den for bratt opp mot det som er EU-norma, seier han.

– Vidare veit vi, ut frå statistikk, at det skjer fleire ulykker i undersjøiske tunnelar enn i vanlege tunnelar, legg han til.

– Og, seier Thorsen: Om ein må kutte må ein også sjå på andre tiltak som type asfalt, vatn- og frostsikring, ikkje berre tryggleik.