«Polarstar» kjem heim til Brandal

«Polarstar» er ført tilbake til slik den var rundt 1970, og laurdag kjem skuta heim til Brandal.

fangst: Polarstar i fangst. Foto: Ragnar Thorseth, Ishavsmuseets arkiv  Foto: Ragnar Thorseth, Ishavsmuseets arkiv.

Nyheter

Ishavsskuta «Polarstar» var berga frå opphogging to gonger og temmeleg sliten då Willy Nesset på Hareid, med god støtte av lokalt næringsliv, fekk hand om henne i 2008. I 2013 vart «Polarstar» frakta til Polen for restaurering, i nært samarbeid med Riksantikvaren.


Her er «Polarstar» på veg heim att til Brandal

Den nyrestaurerte ishavsskuta «Polarstar» er på veg heim til Sunnmøre etter at skuta har gått frå kai i Polen.

– Laurdag 26. august kjem Polarstar heim til Brandal, nyrestaurert. Det er eit enormt stykke arbeid som er utført desse åra i Polen. Frå topp til botn er alt gjennomgått, reparert og skifta ut. Skuta er ført tilbake slik den var rundt 1970, skriv dagleg leiar for Ishavsmuseet på Brandal, Webjørn Landmark, i ei pressemelding.

Første i stål

MS «Polarstar» var Norges første selfangar bygd i stål, ved James Lamont-verftet i Glasgow i 1948. Polarstar var sjølve symbolet på moderne selfangst. Ho var på fangst på Newfoundland i 33 år, og seinare 15–16 turar i Vestisen.

«Polarstar» gjekk mange år i ekspedisjonsfart på Grønland, skuta var mellom pionerane i oljeleiting både i norske og kanadiske farvatn, og ho har vore med på fotografering av undervasskabel på bankane utanfor Newfoundland. Ishavsskuta har også vore på forsking og kvalmerking, ho var Sysselmannen si skute i ni år, og på 90-talet fekk ho vere turistskip på Svalbard.

«Polarstar» møter norske skip i Polen: – Det var eit flott møte mellom to gamle damer

Skruis Polarstar i skruis på Newfoundland.  Foto: Jon Jakobsen

– «Polarstar» er ein juvel som skal minne oss om den store og dramatiske ishavshistoria som har hatt stor betyding for landsdelen vår, og som har ført mykje rikdom til landet, står det å lese i pressemeldinga frå leiaren av Ishavsmuseet.

Museet feirar heimkomsten til den nyrestaurerte ishavsskuta tre dagar til ende. Fredag 25. august vert det boklansering av boka om Polarstar. Det vert også urframføring av Polarstarvalsen, komponert av Per Arne Brandal.

Mimring


Berga Polhavets kvite svane frå å bli til spikar

Tipset gjekk ut på at ein hareidsdøl rett og slett kapra ishavsjuvelen Polarstar – til Polen.

– Vi veit at mykje tidlegare mannskap vil kome denne dagen, og det vert nok mykje mimring frå både farlege og fine stunder i isen, skriv Landmark.

Laurdag vil hovudpersonen sjølv, ishavsskuta, legge til kai ved Ishavsmuseet. Det vert program på kaia, og høve til å gå om bord, før det blir dans ved museet om kvelden.

«Polarstar» sin heimkomst vert avslutta søndag, med open skute, trekkspel frå luka og korsong frå dekk.