Godøytunnelen:

– Kutta ein tilrår å gjere går på moglegheitene for sjølvberging

Brannsjefen og Giske-ordføraren fyrar laus mot kuttforslag knytt til rehabiliteringa av Godøytunnelen.

Godøytunnelen: Brannsjef Geir Thorsen og Giske-ordførar Harry Valderhaug vil at alle tiltak som ligg inne som del av rehabiliteringa av Godøytunnelen, blir gjennomført og er sterkt mot ei forslag som inneber kutt for til saman 14,9 millionar kroner. 

Ein ting er kva som er minimumskrava i tunneltryggleiksforskrifta, noko anna er kva som bør gjerast opp mot den tunnelen ein har med å gjere

Geir Thorsen
Nyheter

– Dette må ikkje bli vedtatt. Det seier brannsjef Geir Thorsen i Ålesund, Giske og Haram. Saman med Giske-ordførar Harry Valderhaug (KrF) går han no ut med eit klart nei til eit forslag om å droppe fleire tiltak som er planlagt gjennomført under rehabiliteringa av Godøytunnelen, for å spare pengar.