Dei unge stemmene:

Fråværsgrensa: – Unødvendig bruk av pisk

Fråværsgrensa skviser ut unge som slit, meiner Sosialistisk Ungdom. – Fråversgrensa fungerer, svarer Unge Høyre.

Fråværsgrensa - har ho kome for å bli? Christian Ingvaldsen (Sosialistisk Ungdom) og Anders Vadset (Unge Høyre) møtast til duell.

Nyheter

Her kjem alle debattane: Dei unge stemmene

Fråværsgrensa - har ho kome for å bli? Christian Ingvaldse (Sosialistisk Ungdom) og Anders Vadset (Unge Høyre) møtast til duell.

Fråværsgrensa i den vidaregåande skulen seier at elevar som er borte meir enn 10 prosent av timane i eit fag, ikkje har rett på halvsvurdering eller karakter i dette faget.


– Rektor må kunne vise skjønn, for eksempel ved fravær til kjøretimer

– Vi er veldig fornøyde med at KrF vil endre på de altfor rigide fraværsreglene .


– Pisk

Sosialistisk Ungdom meiner at dette skviser unge som slit psykisk ut av skulen. Samstundes har det vist seg at fråværsdagar i skulen har gått ned med 40 prosent.

– Dette handlar om tillit. Å gi elevar sjansen til å vise at dei har kompetansen uten ein kniv imot strupen, seier Christian Ingvaldsen (SU).

– Det er rett at fråværet har gått ned. Men fråfallet frå skulen er nesten uendra. Kva er viktigast, fråfall eller fråvær, spør han retorisk.

Han reagerer også på at ein må "punge ut" for ein legetime om ein for eksempel har influensa.

– Dette er å bruke pisken på folk som slit, og så må ein punge ut for å ikkje stryke i eit fag.

– Fungerer

Anders Vadset (Unge Høyre) meiner at Høyre i regjering har løfta skulen, gjennom å opne døra til helsesøster, fritt skuleval og lærarløftet.

– Vi har alle opplevd eksempel der læraren må repetere det same som veka før, og veka før der igjen, fordi elevar ikkje har vore på skulen. No kan elevane kome kvar dag og lære noko nytt, seier Vadset.

Han peiker på at om ein er psykisk sjuk, så kan ein få ein legeerklæring ein gong.

– Deretter kan ein dokumentere fråværet med eigenmelding. Dette skader ikkje dei som er psykisk sjuke. Dei fleiste elevane er friske, flinke folk som har tilpassa seg ein kvardag der det forventast å møte kvar dag, seier han.


Dei unge stemmene:

– Miljøpartiet blir litt autoritære

Kan vi løyse klimakrisa med framleis økonomisk vekst i Norge? Unge Venstre og Grønn ungdom møtast til duell.


Om debattserien

Sunnmørspostens debattserie Dei unge stemmene utfordrar ungdomspartia til debatt.

To og to møter til diskusjon. Emnene som blir tatt opp i serien er pelsdynæring, innvandring, fraværsgrensa, miljø og KRLE.

KRL, miljø og pelsdyr - dette meiner dei

Christian Ingvaldsen, Sosialistisk Ungdom:

– Fjerne eller behalde k-en i KRLE-faget?

Fjerne, alle religionar skal behandlast likt i norsk skule.

– Korleis løyse klimakrisen?

Klimakrisen krev at vi i dei rike landa tar ansvar og kutter i utsleppa.

– Fråværsgrensa: For eller imot, kvifor?

Imot. Fråværsgrensa er unødvendig bruk av pisk på dei som slit i norsk skole.

– Skal vi ta i mot så få eller så mange innvandrarar som mogleg?

Norge har som eit såpass velståande land har eit ansvar ovanfor folk på flukt, dirfor burde vi ta inn mykje fleire flyktningar.

– For eller imot pelsdyrnæringa?

Pelsdyrnæringa baserer seg på inhuman behandling av dyr og burde difor leggast ned.


Anders Vadset, Unge Høyre:

– Fjerne eller behalde K-en i KRLE?

Det er det same – innhaldet er viktigast.

– Korleis løyse klimakrisa?

El- og hybridbilar, grøn industri, bygge grønnere bygg, klimateknologi, beskytte regnskogen, sol-, vind- og vasskraft, erstatte ikkje fornybare produkt med fornybare, ete mindre kjøtt, grønt skattesystem som belønner miljøvennlege løysingar, langsiktig utfasing av fossile energikjelder og en god dose optimisme

– Fråværsgrensa: For eller imot, kvifor?

For fråværsgrensa fordi den fungerer. Vurdere alle forslag som kan gjere den lettare å handheve.

– Skal vi ta i mot så få eller så mange innvandrarar som mogleg?

Vi skal ta imot akkurat så mange kvoteflyktningar som vi kan integrere. 

– For eller imot pelsdyrnæringa?

Vi er imot å forby pelsdyrnæringa, men det er viktig at det stillast strenge krav til pelsdyrbøndene. Dette for å sikre dyrevelferden.