Det meiner Erik W. Jakobsen i Menon Economics, ein av innleiarane på seminaret «Jernbanefritt område. Her er det vegen som gjeld».

– Geiranger og Loen/Olden har svakare utvikling enn Flåm. Flåmsbana er viktigaste produktet der. Lønsemda er enormt mykje høgare enn i Geiranger og i Loen/Olden, sa Jakobsen.

Utfyller kvarandre

Ei av årsakene meiner han er koplinga Flåm har til Myrkdalen med sommar/vinter.

Og han trur det er potensial for å styrke konkurransen gjennom regionforstørring og heilårsveg over Strynefjellet, med arm til Geiranger.

– Det er meir å vinne på å utvikle synergiar enn å konkurrere, sa Jakobsen, men la til at det også er sunt å konkurrere.

Lønsemda er høgare i større regionar enn i små. Utfordringa i Geiranger-området er kort sesong og storleiken på regionen.

– Auka tilgjenge er nøkkelen til å løyse begge utfordringane, meiner Jakobsen og viste til nokre år gamle analysar som viser at heilårsveg vil kunne gi 370 nye arbeidsplassar i Geiranger.

Foredraget til Jakobsen var som musikk i øyra til Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda, og leiar i Sunnmøre regionråd.

– No står det folk frå Oslo her og seier at dette er smart, men eg er ikkje sikker på at alle politikarar veit det, sa Tryggestad som er tydeleg på at riksveg 15 Strynefjellet er viktig, også for Sunnmøre:

– Viss vi skal utvikle Nordvestlandet, må Strynefjellet vere ein del av det bildet. Det kan ikkje vere slik at det berre er nokre få ordførarar som ser verdien av å knyte Gudbrandsdalen og fjordane saman.

Arrangøren av konferansen håpte at regjeringa ville nytte sjansen til å presentere konseptval for riksveg 15 Strynefjellet i Loen, men det skjedde ikkje.

Ingen asfalt til elendig eksportveg: Viktig veg smuldrar opp

Tapte millionar

Ordførar Sven Flo i Stryn opna konferansen og trekte fram at det må vere vilje til å bruke pengar på veg for å sikre utvikling og innovasjon, i ein region der det er vegen som gjeld. I sommar fekk ein sjå kor sårbart næringslivet er, då vegen blei stengd i Utvik.

Veg Bedrifter som i sommar merka følgjene av å stå utan veg: F.v. Janne Fredheim Klaesson og Henning Skogstad i Skogstad Sport, og Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport.

Skogstad sport tapte tre millionar i omsetning. Thor Tenden Transport brukte 60.000 kroner ekstra per veke.

– Vi merka det frå dag ein. Det blei plutseleg bom stopp, i ein av dei viktigaste sommarmånadene. No er det full rulle igjen, men sesongen er på hell, seier Henning Skogstad som deltok på konferansen.

– Det som skjedde viser kor viktig Utvikfjellet er, seier Rolf Olav Tenden og legg til:

– For næringa har det alt å bety at ein har føreseieleg veg. Vi kan ikkje ta ekstrakostnader inn i anbod.

Sunnmørsposten meiner: «Må slutte å snu ryggen til Strynefjellsvegen»

På konferansen var også ferjefri E39 tema. Planane går sin gang, men prosjektet blir dyrare enn først rekna med. At vegprosjekt blir dyrare var eit tema Rolf Sverre Asp i Oslo Economics tok opp i sitt foredrag.

– Sannsynlegvis vil mange prosjekt i NTP bli utsett fordi kostnadene aukar og aukar, sa Asp som blant anna meiner Sandane–Byrkjelo på E39 i Nordfjord vil bli utsett.