Dei unge stemmene: Pelsdyrnæringa

– Direkte uetisk med pelsdyr

– Pelsdyrnæringa eksisterer berre så rike frognerfruer kan gå med pels rundt halsen, meiner Christian Eikeland i Raud Ungdom. Markus Andersen i Senterungdommen er sterkt ueinig.

Sunnmørspostens debattserie Dei unge stemmene utfordrar ungdomspartia til debatt. Markus Farstad Andersen (Senterungdommen) og Christian Eikeland (Raud Ungdom) diskuterer pels.

Nyheter

Dei unge stemmene: Sjå fleire debattar her

I Sunnmørspostens debattserie Dei unge stemmene utfordrar vi ungdomspartia til debatt.

Og det blei høg temperatur då Markus Farstad Andersen (Senterungdommen) og Christian Eikeland (Raud Ungdom) diskuterte pelsdyr. Sjå heile debatten over.


Dei unge stemmene:

Fråværsgrensa: – Unødvendig bruk av pisk

Fråværsgrensa skviser ut unge som slit, meiner Sosialistisk Ungdom. – Fråversgrensa fungerer, svarer Unge Høyre.



Dei unge stemmene:

– Miljøpartiet blir litt autoritære

Kan vi løyse klimakrisa med framleis økonomisk vekst i Norge? Unge Venstre og Grønn ungdom møtast til duell.


– Stille krav

– Norge har den mest etiske pelsdyrindustrien i verda, fordi vi stiller krav. Og vi blir gjerne med på å stille fleire krav, seier Andersen i Senterungdommen.

– Av oppdrettarane på Sunnmøre hadde berre 0,4 prosent avvik, og då var det snakk om mindre skader, seier Andersen.

Christian Eikeland meiner næringa bør avviklast.

– Skade eller ikkje skade. Pelsdyr som blir tvungne til å sitte i bur heile livet har det ikkje greitt.

Neste episode: KRLE

Dette svarar dei to ungdomspolitikarane om ulike emne:

Markus Farstad Andersen, Senterungdommen:


Fjerne eller behalde k-en i krle-faget?  

Senterungdommen stiller våre medlemmer fritt i KRLE-saka.

Korleis løyse klimakrisen? 

Vi vil følge våre forpliktingar til Paris-avtalen og sikre at nedgangen i oljesektoren skal kompenseres med arbeidsplassar i dei grøne næringane, ved å utnytte det store grunnlaget Norge har for å vidareutvikle fornybare naturressursar.

Fråværsgrensa: For eller imot, korleis?

Vi vil auke dagens fråværsgrense frå 10 prosent til 15 prosent, kor det blir tatt omsyn til eigenmelding/foreldremelding og rektors vurdering.

Skal vi ta i mot så få eller så mange innvandrarar som mogleg?

Vi vil føre ein human, men ansvarleg flyktning og asylpolitikk som bygger på våre internasjonale forpliktingar, humane tradisjonar, vår nasjonale kapasitet og anbefalingar frå FN.

For eller mot pelsdyrnæringa? 

Vi er for ein berekraftig pelsdyrnæring med stort fokus på dyrevelferd.

Christian Eikeland, Raud ungdom:

Fjerne eller behalde k-en i krle-faget? – Det er viktig at vi lærer om alle livssyn og religionar på skulen og at ingen religionar får forrang, dirfor vil vi fjerne Ken i KRLE-faget.

Korleis løyse klimakrisen? – Sette menneske og jorda framfor kroner og milliardar, fase ut olja og satse på nye grøne arbeidsplassar.

Fråværsgrensa: For eller imot, kvifor? – Fråværsgrensa er ei mistillitserklæring til Norske skuleelevar. Vi seier eit klart nei til fråværsgrensa.

Skal vi ta i mot så få eller så mange innvandrarar som mogleg? – Vi skal ta imot menneske som er på flukt og trenger vår hjelp og gi dei solidaritet og beskyttelse.

For eller mot pelsdyrnæringa? – Vi ønsker å avvikle pelsdyrnæringa.