Dei unge stemmene: KRLE-faget

– Å bruke halvparten av tida på eit livssyn er litt råflott

Først blei K-en, for kristendom, fjerna frå religionsfaget. Så kom bokstaven tilbake. Bør han få bli?

Debattserien Dei unge stemmene: Henning Holsvik (KRFU) og John Giske Andersen (Unge Venstre) i duell om KRLE.

Nyheter

Dei unge stemmene: Sjå fleire debattar her

I Sunnmørspostens debattserie Dei unge stemmene utfordrar vi ungdomspartia til debatt. I denne episoda diskuterer Henning Holsvik (KrFU) og John Giske Andersen (Unge Venstre) KRLE.

Dei unge stemmene: Pelsdyrnæringa

– Direkte uetisk med pelsdyr

– Pelsdyrnæringa eksisterer berre så rike frognerfruer kan gå med pels rundt halsen, meiner Christian Eikeland i Raud Ungdom. Markus Andersen i Senterungdommen er sterkt ueinig.

Dei unge stemmene:

Fråværsgrensa: – Unødvendig bruk av pisk

Fråværsgrensa skviser ut unge som slit, meiner Sosialistisk Ungdom. – Fråversgrensa fungerer, svarer Unge Høyre.

Dei unge stemmene:

– Miljøpartiet blir litt autoritære

Kan vi løyse klimakrisa med framleis økonomisk vekst i Norge? Unge Venstre og Grønn ungdom møtast til duell.


– Kristendommen har hatt ei sentral rolle i vår kulturhistorie, og det er noko mange godt kan lære om i historiefag. Men dagens religionsfag synst eg vi skal bruke på kulturforståelde, diskusjon og kritisk tenkning. Om ungane skal vakse opp med kristne verdiar eller ikkje, er ein privatsak, seier Andersen i Unge Venstre, som altså vil ha K-en bort.

– Det er naturleg at K-en skal være med i KRLE-faget, eg synst ikkje vi skal bruke enno meir tid og ressursar på den diskusjonen. Det er innhaldet som er viktigast, og der er eg einig i at ein godt kan gå meir inn på kulturforståing, seier Holsvik i KrFU.

Dette svarar dei to ungdomspolitikarane om ulike emne:

Jon Åge Giske Andersen, Unge Venstre


– Fjerne eller behalde k-en i krle-faget?

– K-en bør fjernast. Den kristne historia vår kan vi lære om i historiefaget, religionsfaget burde brukast til å utforske det vide spekteret av religionar og livssyn. Vidare burde faget fokusere på kritisk tenking og å stille spørsmål ved etablerte sannheter. 

– Korleis løyse klimakrisa? 

– For å løyse klimakrisa må vi finne ein betre måte å gjere meir eller mindre alt i samfunnet vårt. Andre parti vil at vi skal slutte å gjere ting, vi vil gjer dei betre. Den einaste måten vi kan finne dei gode løysningane som fører oss vidare er å satse på forsking, og å legge til rette for at smarte folk med gode idéar har så få hindre som mogleg. I tillegg er det enormt viktig å samarbeide internasjonalt, då klimagassutslipp ikkje kjenner landegrenser. Norge kan ikkje redde verda, men vi kan gå framfor som eit godt døme, og utvikle nye løysningar og teknologiar som andre kan bruke.

– Fråværsgrensa: For eller imot, kvifor? 

– Fråværsgrensa er feil medisin. Kanskje den får fråværet ned, men det løyser ikkje problemet. Sjølve problemet er jo at elevane ikkje reknar skulen som god eller viktig nok til å møte opp. Då er ikkje løysinga å bruke A4-tvang, men å gjere skulen betre; og då trur vi at løysinga er meir fridom, meir tilpassing og ikkje minst; gode lærarar som ser kvar enkelt.

– Skal vi ta i mot så få eller så mange innvandrarar som mogleg? 

– Når det kjem til flyktningar bør vi ta i mot så mange som vi kan integrere, og det er nok fleire enn vi tar i mot i dag. Så er det også viktig å stille krav, og å drive langt meir aktiv integrering enn det vi har gjort tidlegare. Vi har eit ansvar som medmennesker og som velståande nasjon til å hjelpe dei som er i nød, og vi må hugse at førre gang var det vi som flykta over havet. Når det kjem til dei som vil arbeide i Norge, så bør vi gjer det så lett som mogleg for kvalifiserte, dyktige menneske å komme hit for å jobbe og bidra.

– For eller mot pelsdyrnæringa?

– Vi er tydeleg mot pelsdyroppdrett. Når Venstre sat med landbruksministeren gav vi næringa ti år til gi dyrevelferden eit skikkeleg løft, sånn at ein kunne drive utan at dyra hadde det vondt. Ti år gjekk og det var framleis like ille. Ville dyr kan ikkje leve gode liv i bur, pelsdyroppdrett kan ikkje gå føre seg forsvarleg.

Henning Holsvik, KrFU


– Fjerne eller behalde k-en i krle-faget?

– Behald K-en, det er unødvendig å lage så mykje styr rundt den. fokuser heller på innhaldet i krle-faget.

– Korleis løyse klimakrisen?

– Fokuser meir på forsking og omstilling i andre land som forureinar meir enn oss (t.d. Kina, USA). Samarbeid og utvikling av teknologi, (spesielt innanfor fornybar energi) på tvers av nasjonar er nøkkelen.

– Fråværsgrensa: For eller imot, kvifor?

– Er for fråværsgrensa, krava førebur ungdomane på arbeidslivet. men den må finpussast, bl.a. er den urettferdig ovanfor dei med t.d. psykiske plager, og det er unødig bruk av legeressursar.

– Skal vi ta i mot så få eller så mange innvandrarar som mogleg?

– Vi burde fokusere meir på å hjelpe flyktningane i eige land. Vi må stoppe smuglarane rundt Middelhavet og intensivere aktiv bistand til å bygge opp dei land som er råka av uro. Vi ville kunne hjelpe langt fleire på den måten.

– For eller imot pelsdyrnæring?

– Eg er for vidareføring av pelsdyrnæringa, men det må stillast strenge krav til dyrevelferda. Eg ynskjer helst at ein fasar ut bruken av bur og berre går for lausdrift. Alternativet til norsk pelsoppdrett er import av utanlandsk pels der dyr ofte har langt verre forhold.