Laurdag vart det gjennomført testtur på ei mogleg hurtigbåtrute mellom Åheim og Ålesund.

Bak testen sto fleire, mellom anna selskapet Vanylven Utvikling.

- Over 200 personar tok del under testturen, noko som berre understrekar kor stor interessa for dette er, seier Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling.

- Vi vi no difor jobbe vidare inn mot dei som driv med båtruter. Ønskjet er å få på plass ruta alt til bygginga av Stad skipstunnel, slik at båten mellom anna kan nyttast i transporten av dei mange som skal arbeide på denne, legg han til.

Når Stad skipstunnel står ferdig vil det truleg bli oppretta ei ekspressbåtrute mellom Ålesund og Bergen.

- Men sjølv etter at ei slik - som jo berre vil stoppe nokre få stader, er på plass, vil det vere behov for tilførselsbåt. Vi ser difor føre oss båten vi no ønskjer i to roller, ei før og ei etter at tunnelen er på plass, seier Gjelseth.

Over 200 personar tok del under prøveturen laurdag. Foto: Tor Arne Aasen/Samferdselsfoto