Dei unge stemmene: Flyktningdebatten

– Vi må hjelpe folk der dei er

KrfU meiner Norge kan ta meir av byrda og vil ta imot fleire kvoteflyktningar. Fpu vil heller hjelpe folk i sine nærområde.

Debattserien Dei unge stemmene: Lovise Nikoline Voldsund (FpU) og Henning Holsvik (KrFU) diskuterer innvandring.

Nyheter

Dei unge stemmene: Sjå fleire debattar her

I Sunnmørspostens debattserie Dei unge stemmene utfordrar vi ungdomspartia til debatt. I dagens episode er det Lovise Nikoline Voldsund (FpU) og Henning Holsvik (KrFU) som diskuterer flyktningpolitikk.

Dei unge stemmene: Pelsdyrnæringa

– Direkte uetisk med pelsdyr

– Pelsdyrnæringa eksisterer berre så rike frognerfruer kan gå med pels rundt halsen, meiner Christian Eikeland i Raud Ungdom. Markus Andersen i Senterungdommen er sterkt ueinig.

Dei unge stemmene:

Fråværsgrensa: – Unødvendig bruk av pisk

Fråværsgrensa skviser ut unge som slit, meiner Sosialistisk Ungdom. – Fråversgrensa fungerer, svarer Unge Høyre.

Dei unge stemmene:

– Miljøpartiet blir litt autoritære

Kan vi løyse klimakrisa med framleis økonomisk vekst i Norge? Unge Venstre og Grønn ungdom møtast til duell.

Frp ønsker ein streng, men rettferdig innvandringspolitikk, og meiner ein kan hjelpe fleire flyktningar med tiltak i nærområda.

– Skal dei hit må dei over Middelhavet, og det blir gjort på ein veldig dårleg måte. Gir vi penger til Libanon og Jordan kan vi hjelpe fleire, der dei er nærare sin eigen kultur, seier Voldsund.

– Også KrF ønsker ein rettferdig innvandringspolitikk, men vi vil ikkje spele på frammadfrykt og polarisering. Vi vil hjelpe fleire der dei er, og som kjem hit, seier Holsvik.

Sjå heile debatten over.

Dette svarar dei to ungdomspolitikarane om ulike emne:

Lovise Nikoline Voldsund (FpU):


– Fjerne eller behalde k-en i KRLE-faget?

– Frp ynskjer å behalde k-en i KRLE-faget fordi vi meiner faget skal byggje på at Noreg historisk sett er bygd på kristendommen og kristen kulturarv.

Korleis løyse klimakrisa?

– Frp vil løyse klimakrisa ved å bruke kostnadseffektive klimatiltak som ikkje rammar enkeltmennesket.

Fråværsgrensa for eller imot, kvifor?

– Av respekt for skattebetalarane sine pengar, så meiner Frp at elevar skal vere på skulen for å lære. Derfor er vi for ei fråværsgrense som i dag, men med moglegheiter for at besøk hjå helsesyster, og obligatorisk køyreopplæring skal vere fritatt frå grensa.

– Skal vi ta imot så få eller så mange innvandrarar som mogleg?

– Frp meiner det skal førast ein streng men rettferdig innvandringspolitikk, fordi vi må integrere mange av dei som er her frå før. Vi vil bruke meir pengar på humanitære oppgåver i nærområda, samt opprette asylmottak i utlandet slik man kan søke asyl utan å ta den farlege reisa over Middelhavet.

– For eller imot pelsdyrnæringa?

– Frp er for ei pelsdyrnæring, men ynskjer å kutte løyva til næringa, samt ha eit landsdekkjande dyrepoliti.