28 mill. av inntektene kjem frå salet av Mørenett si entreprenørverksemd til BKK Enotek i Bergen.

Driftsresultatet i dei fleste av konsernets verksemder er stabilt, melder Tafjord. Ein nedgang innan "kraftnett og tekniske tenester" skuldast ekstraordinær kompensasjon frå NVE etter at nettverksemdene til Tussa og Tafjord fusjonerte til Mørenett i 2014.

Driftsinntektene enda på 700 millionar kroner, og driftsresultatet vart 142 mill.

Investeringar

Det er gjort investeringar for 94 mill. kroner i årets seks første månader. Dette er i stor grad knytt til nettanlegg for straum og fjernvarme, samt nødvendig rehabilitering av kraftverk.

Konsernets investeringar vil i all hovudsak framover vere konsentrerte om kraftnett og andre vedlikehalds-investeringar. Vekstinvesteringar skal avgrensast, melder selskapet i halvårsrapporten.

Ikkje lenger mjølkeku

Sjølv om overskotet er småpent, er det eit godt stykke under dei gode åra 2008-10, ein periode med høge straumprisar.

Ein forsiktig utbytepolitikk skal styrke konsernets finansielle stilling. Lav straumpris og høg gjeld gjer at selskapet ikkje lenger er ei «mjølkeku» for eigarane. I fjor tok Ålesund kommune ut 18 millionar kroner i utbyte, langt under det som var utbytet for få år sidan.

Selskapet har 3,1 milliardar kroner i gjeld. Eigenkapitalen er 1,3 milliardar kroner, viser halvårsrapporten.

Tafjord er eigd av Ålesund kommune (50,09 prosent), BKK (43 prosent) og av Norddal kommune og Ørskog kommune.