Festen blir kjensleladd for meg. Faderen er ikkje her, og moderen gjekk brått vekk i mai. Vi er ikkje lenger den nye generasjonen. Vi er eldst, og det er eit ekstra ansvar. Vi skal stake ut framtida for neste generasjon, seier Gunvor Ulstein før jubileumsfesten i familiekonsernet.

Fleire hundre har sikra seg gratisbillettar til festen i dokkhallen på Ulstein verft laurdag. Her skal dei feire 100 år med skaparglede, endring og utvikling.

– Vi vil dele med alle, for det er mange her som er ein del av vår historie, på godt og vondt, seier Tore Ulstein om grunnen til at dei inviterer til storfest med konsert, kake, kaffi og brus.

Thomas Numme skal vere konferansier, og på programmet står Ulstein mannskor, Webjørn Sæther, Bendik Hustadnes, Cezinando, Sigrid Raabe og Madcon.

Vital 100-åring

Søskenparet Gunvor og Tore har vore i konsernleiinga sidan 1999. Bestefaren var grunnleggjar, og faren deira, Idar Ulstein, prega konsernet i over 50 år. No er Gunvor konsernsjef og passar på at dei har nok pengar. Tore er visekonsernsjef, styreleiar og primus motor på innovasjon.

Historia om Ulstein er historia om nyskaping, endring, omstilling og ikkje minst teknologisk utvikling. Det har vore oppturar og nedturar. Før hundreårsjubileet har konsernet lagt bak seg ei krevjande tid.

– Vi har hundre års historie og veit at det har vore krevjande mange gonger før, men vi er sikre på at dette skal vi klare denne gongen også. Vi er ein vital 100-åring, seier Tore.

Mykje av dei same tinga som har vore viktig opp gjennom åra, er minst like viktig i dag.

– Skaparglede er illustrerande for det vi held på med. Resten handlar om å vere framsynt og gripe moglegheitene, seier han.

Yacht i oktober

På skipsverftet var det denne veka lite som minte om skipsbygging. I dokkhallen møter vi berre folk som gjer klar til fest. Jan Magne Hoddevik har jobba i Ulstein i nesten 40 av verftet si hundre år lange historie.

– Her er det veldig bra, og vi har ein svært god stab, seier Hoddevik som for det meste har vore platearbeidar, men også har bak seg ti år som leiar på sveis.

Han trekkjer fram nettopp dokkhallen som det største som har skjedd på arbeidsplassen desse åra.

– Vi fekk tak over hovudet her i 2000. Før den tid jobba vi ute i allslags vêr og vind. Elles er det bygging av hurtigruta «Polarlys» som har vore det sværaste å vere med på, meiner han.

Hoddevik har sjølv ikkje vore permittert nokon gong, men har sett svingingane i bransjen.

– Dette er ein periode som går over. Ulstein vil bestå. Sjefane har sagt det skal byggjast båtar her, og slik blir det!

No er Hoddevik eigentleg snart pensjonist og kunne ha slutta.

– Men vi får sjå. Det kan vere spennande å få vere med på bygging av Color Line-ferja og yachten, seier han. Verftet har også sikra seg kontrakt på bygginga av eit offshorevindskip. I oktober/november skal dei igjen byggje båtar ved Ulstein verft.

Omstilling frå olje og gass til noko anna er utfordrande, men ein ser no at det er begynt å skje noko i marknaden for mindre cruisebåtar.

– Det handlar om å omstille seg raskt, bygge kompetanse og utvikle nye og spennande løysingar. Det har vi hatt tradisjon for frå dag ein her, seier Tore og viser til det som skjedde i bestefaren si tid, lenge før nokon kalla det for innovasjon.

Bestefaren starta

Bestefaren starta mekanisk verkstad for hundre år sidan, i 1917. Då han fekk agentur på Rapp-motorar fekk han også ein konkurransefordel.

– Og dette er like gyldig i dag: Det handlar om korleis ein kan skape noko og å skilje seg frå andre for å betre sin eigen posisjon, seier Tore.

Gunvor held fram to ting som dei har vore opptekne av siste 20 åra. Det første er å vidareføre arv og skaparkraft, nysgjerrigheit og innovasjonsvilje. Det andre er å styre bedrifta finansielt på ein forsiktig og god måte.

– Vi vil ikkje bruke meir enn vi har tent, seier ho og legg til at det av og til likevel er nødvendig å bruke meir, for å sikre at dei framtidige inntektene blir betre.

Søv godt

Ulstein Group ASA har i dag om lag 600 tilsette og kontor i seks land. I 2015 var dei 830. Underskotet siste to åra er på over ein halv milliard kroner.

I ei krevjande tid med raude tal, nedbemanning og hard kamp om kontraktane, lurer vi på om dei to leiarane søv godt om natta. Og det gjer dei begge.

– Det er heftige rørsler i sving, og eg føler tungt ansvar for det vi driv med og å klare å få inn igjen permitterte og oppsagde. Med åra har eg lært at ingen er tent med at eg ikkje klarer å sove og stille opplagt på jobb neste dag, smiler Gunvor som skjønar at mange kan ha problem med søvnen i slike tider.

Ho minnest ein annan krevjande periode, like etter at ho og broren kom inn i leiinga. Dei hadde ikkje fått nye kontraktar på lenge og håpte å få ny kontrakt til jul.

– Det var snakk om både å seie opp og permittere folk. Eg fortalde usminka om tilstanden. Då var det ein eldre kar som sa at «de veit ikkje kva det er å ha det vanskeleg», minnest Gunvor og fortel om mannen som også hadde jobba for bestefaren og kunne fortelje om ein gong på 1940-talet. Då var det så vanskeleg at dei tilsette fekk delt ut fordringar som dei sjølv måtte reise rundt og krevje inn frå kundar.

Nedarva erfaring

Gunvor meiner det ligg ei kraft i omstillingskompetanse.

– Faderen hadde klokkartru på at ein alltid kunne kome seg vidare. Vi brukar erfaringa som er nedarva i historia og førebur oss på framtida, seier ho.

I eit familieeigd selskap tar ein med det beste av historia og utviklar den vidare.

– Bestemor sa at det er borga gods, gutar – ho kunne like godt seie jenter. Det betyr at vi har det til låns og forlèt denne verda på likt. I mellomtida kjem vi inn og prøver å skape noko.

I nær 20 år har søskenparet jobba tett saman. Det er berre halvtanna år mellom dei, og dei to hadde eit nært forhold også før dei fekk toppjobbane i konsernet. Dei meiner det handlar om kjemi og at det ikkje er alle dei kunne ha jobba så tett saman med, heller ikkje av dei andre søskena.

– Eg har eit veldig temperament. Tore er rolegare. Vi kan vere irriterte på kvarandre, og nokre gonger knakar det i grunnvollane, fortel Gunvor.

Men dei klarer å sjå sterke og svake sider ved kvarandre. Og dei har gjensidig respekt.

– Vi kan ha forskjellig syn på ting, men saman blir vi betre. Summen av oss blir betre enn kvar for oss, meiner Tore.

Toppleiarar kan ofte oppleve å stå åleine. Dei har kvarandre, noko dei meiner gir ei enorm kraft til å klare ting i fellesskap,

Lokalt eigarskap

Tore og Gunvor har stor tru på vitaliteten og livskrafta i den maritime klynga på Nordvestlandet, men meiner det er viktig med lokalt eigarskap anten det er i Fosnavåg, Ålesund eller Ulsteinvik.

– Det er viktig for bedriftene og for samfunnet i forhold til å halde i gang og skape interessante arbeidsplassar, seier Tore.

Gunvor legg til:

– Faderen sa alltid at det er stor forskjell på å sitte og sjå ut av vindauget her og på Aker Brygge eller i London. Her lever vi midt i. Vi står attmed andre foreldre på fotballbana, foreldre som kan vere permittert eller oppsagt. Vi har eit anna perspektiv på å handtere omstilling når vi er del av ein liten fellesskap. Det gjer noko med deg når du veit korleis det er med dei andre foreldra.

Har musklar til satsing

Omstillinga som no skjer er nødvendig, og kostar pengar.

– Du skal vere sterk i trua når du investerer i nye område, samtidig som ein har store raude tal. Det er utruleg krevjande å investere i utvikling, samtidig som oljemarknaden forsvann, seier Tore og nyttar sjansen til å kritiserer norske skattereglar, som inneber at konkurrerande bedrifter med utanlandske eigarar slepp skatt som norske eigarar må betale. Dei kunne tenkt seg å behalde meir pengar i bedrifta for å kome litt lenger i den internasjonale konkurransen i cruisemarknaden.

Fleire selskap som er råka av oljenedturen har fått inn ny kapital og nye eigarar. Men det er ikkje aktuelt for Ulstein.

– Noko som er spesielt med Ulstein er at vi har hatt ein aktiv utbyttepolitikk. Når vi har tent pengar, har vi teke utbytte til eigarane, seier Tore og legg til:

– Dette er viktig, for når ein får slike periodar som no, så har vi kapital blant eigarane til å investere. Vi har musklar i bakkant, trass tapa siste åra, der vi har tært på eigenkapitalen. Vi har framleis fornuftig likviditet, men er avhengig av at vi snart begynner å tene pengar.

Og eigarane er opptekne av å ikkje setje seg i ein situasjon der bankane styrer.

– Vi har framleis ei fornuftig finansiering av Ulstein Group. Difor har vi ikkje vore ute og søkt kapital, for vi har kapital, seier Tore.

Ulstein-familien sit på store verdiar. Er tredjegenerasjon freista til å selje og bruke pengane til noko anna?

– Vi er interessert i å utvikle bygda og regionen her. Det er tradisjon. No er vi tredje generasjon og fjerde generasjon begynner å kome. Vi vil utvikle oss vidare, seier Tore.

– Men de tenkjer ikkje å selje?

– Nei. Høgast på agendaen er å lykkast med omstilling. Det begynner no å skje og vi begynner å hauste litt av investeringar som er gjort, seier Tore.