Langt dei fleste kom over det høveleg gjørmeblaute fjellet. Men det susa òg helikopterskyss heilt fram til festplassen.

– Det har vel aldri vore så mykje folk her nokon gong, var det fleire som hevda.

– Fantastisk kjekt å sjå kor godt dei held stasjonen ved like, meinte Arne Velsvik.

Vedlikehald var noko av jobben hans då han arbeidde som vaktar her ute.

Huseigaren Kystverket har brukt over åtte millionar kroner på å stelle Runde-stasjonen. Ein letta regiondirektør Harald Tronstad skein som ei sol i folkehopen: – Eg frykta ingen ville kome!

I lag med Per Arne Vågen gjekk han siste tørn før fyret vart avfolka for femten år sia.

På det gamle soverommet hans har det no blitt reine salongen i regi av turistforeininga.

– Det mest dramatiske som hende ved fyret i mi tid var då dei måtte sleppe lekteren «Northern Hawk» ein vinterstorm i 1988, fortel Velsvik.

– Havet heiv det hundre meter svære skroget langt opp på tørre land. Braka høyrdest ut som reine domedag! Det var frykteleg. Vi såg ikkje stort heller, berre svakt måneskin.

Sjå om ikkje Vårherre veit å rydde: Like etter smadra ein ny storm lektervraket i tre bitar som det seinare vart råd å brenne i stykke og fjerne heilt.

– Du kan tru det var krefter i sving desse nettene.

Etterslekta Det var kan hende her på kvisten at vesle Anna Eline Valderhaug Vadset si tippoldemor sov då ho var lærar på fyret. Artig å tenkje på, tykkjer Anna Eline og mor Åsta Vadset.

Fyrvaktaren minnest òg godt heimturar over fjellet der han måtte leggje seg ned i påvente av at snøkavet skulle gje seg.

På betre dagar sprang dei distansen på dryge halvtimen. Turistforeininga har normert turen til 100 minutt.

– Men så har eg ikkje hofter att, heller.

Maskinisten frå linjefart gjorde teneste både på Flatflesa mellom Ona og Aukra, 19 år på Runde og så tre år på Svinøy.

– Eg vart sist der òg, i 2005. Arbeidet var meir variert på Svinøya, for der hadde vi meteorologi i tillegg.

Arne Velsvik er ikkje nostalgikar. Automatisering og dugande fjern-overvaking er kome for å bli, meiner veteranen.

Han kosa seg med all underhaldninga laurdag og stadfestar ryktet at det går att einkvan:

– Ja, i det eine huset her kjenner du at du ikkje er åleine.

Åtte år gamle Anna Eline Valderhaug Vadset fekk oppleve kvistværelset der tippoldemora Ingeborg Brune Rundø budde.

Den lærarutdanna voldingen var guvernante i 1890-åra.

– Ho vart kjend med Martinus på fyret og dei gifte seg, fortel oldebarnet Åsta Vadset.

– Artig å sjå dette rommet. Eg kan nesten ta i taket, fortalde tippoldebarnet.

Kongens mann Karl Johan sitt halvveges vekk-tærte monogram får leve vidare i ny skapnad takk vere senioringeniør Per Erik Ose og eit kobbel andre tusenkunstnarar langsmed kysten vår.

Ute på vêr-hardaste vestveggen heng Kong Karl Johan sitt monogram datert 1826, endå stasjonen er frå 1767.

Han likte å markere seg, svensken. Men i dag er mykje av støypejarnet hans rusta vekk.

Kystverket vil gjerne vere framoverlent og nyskapande, forstår vi av det fylgjande:

– Vi har pønska ut digitale løysingar for å skape ei ny støypeform. Mellom anna har vi fotografert, skanna og 3D-printa ut frå originalrestane. Det vanskelegaste var å rekonstruere sjølve kruna, fortel Per Erik Ose i Kystverket.

Han har alliert seg med «kortreiste» kystverksemder som 3DP i Ålesund, BFG på Flatraket, lakkverkstaden Bilbody og Easy Form i Måløy.

– Alle strekte seg ekstra, i beste maritime klynge-ånd, skryt Ose av.

No er monogrammet reproduserbart og sikra for all æve.

Neste prosjekt: Printe nye kjøkenhandtak til verna interiør – komplett med slitemerka etter fyrvaktarane!

– Vi held ein tett dialog med Riksantikvaren og tek ansvaret for dei freda bygningane våre på største alvor, forsikrar regiondirektør Harald Tronstad.

Det er like velstelt på Grasøyane også i dag, kan han fortelje.