I eit skriftleg spørsmål i Stortinget spør han om regjeringa så raskt som råd vil bestille ein kvalitetssikring slik at byggestart kan leggjast fram for Stortinget våren 2018.

– Ein kjem ikkje i gang før det er på plass, og det eg no etterlyser er at regjeringa bestiller ei kvalitetssikring. Skal ein kome i gang i 2019 må ein gjere det så fort som råd. Det er berre å trykke på ein knapp, så eg forstår ikkje kvifor regjeringa somlar, seier Rotevatn til NRK Sogn og Fjordane og får støtte frå prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad i Stad skipstunnel.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) avfeier uroa som eit valgkamputspel. Han seier til NRK at det ikkje er noko grunn til uro – og at prosessen følgjer den tidslinja som er vanleg.