Dette seier Rune Løset, fremst i Bjørkedalen i Volda kommune. Saman med kona Ingvild har han tvillingparet Malene og Johan (9) og eldstedottera Amalie på 13. Familien bur kloss inntil riksveg 651 mellom Folkestad og Eid.

Til overmål bur dei ved den einaste beine og strake halvkilosmeters strekninga på heile distansen, og den siste der det er gode mulegheiter for forbikøyringar før Stigedalen.

Farleg fartspunkt

– Eg har vakse opp her og vi måtte alle lære å passe oss for trafikken.

– Ikkje desto mindre er vi redde for våre eigne skuleborn, og på same vis naboborna frå andre sida av vegen, fortel Rune Løset. Sunnmørsposten får på kort tid på staden oppleve forbikøyringane og akselerasjonsstøyen som trebarnsfaren snakkar om. Næraste kurvatur mot sør er Hauesvingen, der det før har skjedd dødsulukker, men der veglinja seinare er retta noko ut.

– Svingen er der framleis. Og med absolutt minimum 80 kilometer i timen er bilistane berre sekund frå plassen der skulebussen skulle snu, forklarer Rune Løset.

– Vi byggjer sjølve

I fjor haust tok mannen og ektefellen Ingvild eit val. Etter mange rundar i både kommunalt- og fylkeskommunalt byråkrati: – Vi byggjer heller heile snuplassen sjølve!

– Skulle vi ha venta på storsamfunnet og eventuelle løyvingar, innsåg vi at borna våre for lengst kunne vore vaksne og utflytta før noko ville skje.

– Dette ville vi for all del ikkje. Til all lukke er vi sjølve grunneigarar på arealet som var aktuelt til sikker snuplass for skulebussen. Dette gjorde satsinga vår atskilleg mykje enklare, fortel Rune Løset. Men særleg enkelt er det i utgangspunktet ikkje, å skulle kome i inngrep med ein offentleg riksveg og sjølvaste statsmakta.

– Vi skjønte tidleg i dialogen dette, dei hadde ingen pengar å løyve. Men velviljen var desto større, då vi foreslo at vi sjølve ville finne ei løysing, seie Løset.

Dermed sette han trøystig i gong, primært med seg sjølv og ein åtte tonns gravemaskin som eigeninnsats. Massar kom attåt.

– Det gjekk ikkje lang tid før eg trong assistanse av grannane Rasmus Løset, Per Ove Løset og Andre Løset. Dei var til uvurderleg hjelp i oppstarten og med grunnarbeidet.

– Seinare har det berre klaka på seg, slik det ofte er med prosjekt. Mellom anna måtte vi ut med langt dyrare røyrløysingar enn tenkt, i tråd med Statens vegvesen sine normer, fortel Løset. Arbeidet starta opp hausten 2016. Tallause arbeidstimar – og drygt eitt år seinare – stod snuplassen klar, ørlite forseinka til skulestart.

Eit sekssifra beløp

– Kva har prosjektet kosta?

– Uff, nei, vi har ikkje fått inn alle rekningane enno. Men at det vert eit sekssifra beløp er det ingen tvil om, seier Rune Løset. I rein prosjektiver har han laga eit eige grøntområde attåt snuplassen, som igjen munnar ut i ein gangveg – som igjen endar vinkelrett på skulevegen til jentene som kjem frå motsett kant.

– Eg synest det har vorte kjempeflott her, etter at vi har fått grave og køyrt til så mykje, seier Johan Løset (9).

– Ein alle tiders innsats, seier bussjåfør Kristin Tørumstad.

– Nokre gonger på vinterstid har eg måtta køyrt heilt til Hjelle på Eid for å få snu skulebussen på forsvarleg vis, seier ho.

No er det planen at også skuleruta kan bli snudd, spegelvendt.

Då blir bonusen på heile 40 minuttar kortare skuledag for borna på Løset.