– Dette følest veldig bra. Det er eigentleg heilt uverkeleg, seier Kenneth Hurlen som no kan titulere seg som verdsmeister i fyrverkeri.

Fyrverkerientusiasten frå Glomset i Skodje har jobba med fyrverkeri i om lag tolv år. Han er medeigar i firmaet North Star Fireworks AS, og det var dei som blei plukka ut til å representere Norge under «Pyronalen» i Berlin i helga.

Vann publikumspris

Også dei tre andre er fyrverkerientusiastar med lang erfaring, og selskapet deira leverer fyrverkerishow over heile landet.

(Teksten held fram under bildet)

I VM var det hard konkurranse om å få vere med.

– Vi blei invitert til å representere Norge. Det var mellom 80 og 100 søkarar som ville vere med, fortel Hurlen som også hadde med kona Miriam Wikanes Hurlen som medhjelpar.

(Teksten held fram under bildet)

Norge var det Hurlen kallar «underdogs» i konkurransen, men så vann dei likevel både publikumsprisen og konkurransen samla – i sterk konkurranse med Frankrike, England, Canada, Italia og Kroatia.

Mange timar ligg bak

Andreas Helle har designa vinnarshowet, og dei andre på laget har kome med innspel.

Mykje var bygd på førehand i Norge og frakta til Berlin - i fire varebilar.

– Korleis trena de til konkurransen?

– Vi skyt og jobbar heile året, men det er mykje planlegging med design og sikring. Vi korrigerte heilt til dei siste dagane, seier Hurlen som reknar med at dei ti på laget totalt har brukt 1.000 til 1.200 timar på konkurransen. Av dette var 500 timar i Berlin.

Valde «Dovregubbens hall»

Deltakarane fekk ulike oppgåver. Første oppgåva gjekk ut på å lage fyrverkeri i sølv og kvitt, som skulle skytast opp utan musikk og vare i eitt minutt.

Deretter var det fire minutt med fyrverkerishow til musikk som arrangøren hadde laga. Denne låten var lik for alle.

Til slutt kunne laga velje mellom 72 musikkstykke, og her valde det norske laget blant anna «Svanesjøen» og «Morgenstemning».

Finalelåten var  Griegs «Dovregubbens hall».

– Vi hadde lyst å få fram litt av Norge i lydsporet vårt, og sidan Grieg er populær i Tyskland, så valde vi som vi gjorde, fortel Hurlen.

Og dette fungerte så bra at det gav førsteplass.