Fylkesmannen i Møre og Romsdal finn ikkje grunn til å heve Ulstein kommune sitt vedtak om å lukke eit møte i formannskapet i mai.

Tre representantar i kommunestyret sette fram krav om lovlegkontroll av vedtaket, men har ikkje fått medhald.

Store overskridingar

Hovudregelen er at møte i folkevalde organ skal haldast for opne dører, men det finst fleire unntak frå denne regelen. Det er blant anna høve til å unnta saker frå innsyn av omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av økonomiforvaltninga til kommunen.

Ulstein kommune meinte forretnings- og konkurransemessige forhold gav heimel for lukking. Grunna store overskridingar på Ulstein Arena, var dei i forhandlingar med entreprenørar og leverandørar om forretningsmessige høve knytt til kontrakt.

På bakgrunn av dette meinte kommunen det ville skade forhandlingsposisjon og strategisk stilling om ein gjekk ut med offentleg informasjon, vurdering og vedtak.

Vanskeleg for debatten

Fylkesmannen peikar likevel på at lukking skal avgrensast til det som er nødvendig for å skjerme dei aktuelle opplysningar.

Både formannskapet og kommunestyret tok stilling til meirinnsyn.

Fleirtalet kom likevel til at dei sensitive opplysningane utgjorde ein så vesentleg del av saksframlegget, at heilt eller delvis opne dører ville gjere det vanskeleg å få ein opplyst, open og grundig debatt.

Og Fylkesmannen har ingen avgjerande merknader til denne vurderinga og meiner vedtaket innhaldsmessig er lovleg.