Det seier ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) i Haram.

Dagen etter stortingsvalet ser han få moglegheiter for å få gjort om på vedtaket om tvang i Stortinget. Dermed blir Haram med i Nye Ålesund kommune, saman med Sandøy, Ørskog, Skodje og Ålesund.

– Så du vil ikkje kjempe vidare for at Haram får stå aleine?

– Med mindre det kjem signal frå Stortinget om at det kan vere ei opning, ser eg ikkje nokre moglegheiter, seier han.

Dobla oppslutnaden

Senterpartiet gjorde eit brakval både nasjonalt og lokalt i Haram, der partiet enda opp med å få 16,9 prosent av stemmene – nær ei dobling frå 2013. Likevel blei Framstegspartiet det største partiet med 24,8 prosent, og Høgre nummer to med 22,5 prosent av stemmene.

Her er heile valresultatet i Haram:

Nasjonalt er håpet om fleirtal for ei reversering av tvangsvedtaket på Stortinget no ute.

– Eg er sjølvsagt godt nøgd med Senterpartiet sin oppslutnad, men det er klart vi er skuffa over at det ikkje blei regjeringsskifte, seier Krogsæter.

Skuffa

Tysdag var det møte i formannskapet i Haram. Dagen der på er fleire politikarar skuffa. Randi Frisvoll Walderhaug (KrF) er blant dei som hadde trudd på eit anna valresultat.

– Men eg ser jo kva folk har stemt, og då har me ikkje fleirtal mot tvang. Då må ein faktisk berre innsjå at det ikkje blir reversering. Slik er det berre.

Også Siv Katrin Ulla (Ap) er skuffa.

– Eg vakna til ein skikkeleg blåmåndag, og ser at alt håp er ute. Det er vondt. Kampen mot tvang var ein stor motivator i valkampen, seier Ulla.

– Akkurat i dag er eg ikkje spesielt motivert til å ta fatt på arbeidet med Nye Ålesund. Men vi blir jo nøydd.

Skuffa – Tydelegvis var der andre saker som var viktigare for folk enn dette, seier Siv Katrin Ulla (Ap) om valet. Både Ulla og Randi Frisvoll Walderhaug har kjempa mot tvang. Foto: Sofie Svanes Flem

Må gå «all in»

No meiner Frisvoll Walderhaug at Haram må gå «all in» i Nye Ålesund.

– Haram har vore med på samarbeidet, men kanskje ikkje hundre prosent inne. Vi har ikkje gått framfor og foreslått å leie komitear sjølve. Det bør vi absolutt gjere no. Vi er den nest største kommunen, seier ho.

Nye Ålesund: Trenger mer tid til samordning av eigedomsskatt

Krogsæter legg vekt på at Haram allereie er med på lik linje med dei andre kommunane.

– No skal det ikkje vere slik at kommunane skal rivalisere, men det er klart at vi har ikkje tenkt å stille oss bakarst i køen. Intensjonen min er at vi skal ta vare på det beste frå alle kommunane, seier han.

På lik linje – Haram er allereie med på lik linje med dei andre kommunane, seier rådmann Turid Hanken og ordfører Vebjørn Krogsæter (Sp). Foto: Sofie Svanes Flem

– Blir det tungt å halde fram no som håpet er ute?

– Ein kan alltids dvele, men no skal vi sjå framover. No gjeld det å motivere folk til å ta posisjonar i den nye kommunen.

– Har støtte

Klokkeklart – Valresultatet gav eit klokkeklart signal frå folket i Haram, seier Svein Harsjøen (Frp) – som kan ende opp som vararepresentant på Stortinget.

Ein som har grunn til å smile dagen der på er Svein Harsjøen (Frp). Som femtekandidat for Frp kan han til og med ende opp som førstevara på Stortinget, dersom både Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale held fram som statsrådar.

– Valet er eit klart signal om at vi har støtte blant folk i Haram, seier Harsjøen.

Disse er foran Harsjøen i køen: Med to ministere på topp, kan disse to bli nykommere på tinget