Svaret dei har fått er at heile Liabygda er velkomen til å bli ein del av den nye, samanslegne kommunen Fjord.

– Frå vår synsstad er det både naturleg og ønskeleg. Men eit initiativ bør kome frå Liabygda eller Stranda kommune, skriv ordførar Arne Sandnes (Sp) i Norddal og Eva Hove (Ap) i Stordal i svaret til Stranda kommune.

Før den tid vil dei to gjerne ha eit møte med Stranda om skulesaka:

– Det er ledig kapasitet ved skulane våre i Stordal og Valdal. Men før vi kjem med eit konkret tilbod om dette, ber vi om å få eit til eit snarleg møte, legg Sandnes og Hove til.