Onsdag ettermiddag rykka naudetatane ut til Hareid etter melding om ein mann i sjøen.

Ulykka skjedde i hamneområdet på Hareid.

Klokka 15.45 var mannen henta opp av sjøen, ifølgje Vikebladet.

– Tilhøva rundt korleis personen har endt opp i sjøen prøver vi no å finne ut av, seier operasjonsleiar John Kåre Flo.

Slik det ser ut no for politiet, har personen truleg ramla utfor kaia på Hareid. Politiet kan ikkje uttale seg om kor lenge personen har vore i sjøen.

– Det som skjer no er at pårørande blir varsla, seier Flo.