Onsdag ettermiddag klokka 15.27 melder Helse Førde AMK at ein personbil er involvert i ei trafikkulykke ved Stårheim i Eid kommune.

Ein person er ute av bilen. To ambulansar og lege er på veg, melder AMK.

– Ein mann i 70-åra var førar, aleine i bilen. Førarkortet er tatt i beslag og vegen er rydda. Sak er oppretta, melder politiet sin operasjonssentral klokka 17.28.