Ekstraferje i to helger

Stor trafikk gjer at det blir sett inn ekstraferje dei to neste helgene på strekninga Eidsdal-Linge.

TRAFIKK Ferjestrekninga Eidsdal-Linge er svært populær.  Foto: Arkivfoto

Nyheter

Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune. Årsaka er at det sist søndag var store køar og til saman 900 bilar som vart ståande att på Eidsdal.

Ullensvang ute ei veke til:

Må få heilt ny rorstamme

Forsøket på å rette opp den skadde rorstammen på bilferja Ullensvang var mislukka. No må det lagast heilt ny rorstamme.


Fredag 15. og laurdag 16. september vil det køyre A- og B-ferje etter den normale sommartabellen. Søndag 17. september vil sambandet køyre etter sommartabellen med både A- og B-ferje mellom klokka 11 og 17, og berre A-ferja utanfor denne perioden.

Fredag 22., laurdag 23. og søndag 24. september vil det også køyre både A- og B-ferje på sambandet etter den normale sommartabellen, men med noko lågare kapasitet på B-ferja denne helga, melder fylkeskommunen.