Sunnmørsposten kunne ved sjølvsyn oppleve ein enorm frustrasjon mellom eit stort tall brannfolk ved husbrannen på Remen på Vartdal onsdag kveld.

Problemet: Dei hadde ikkje tilgang til sløkkjevatn. Berre vatnet frå eigne tankbilar kunne brukast, men dette vart langt frå nok.

Det var klokka 21.33 at politiet fekk melding om ein brann i eit bustadhus på Vartdal, og naudetatane rykka ut til staden.  Først to timar seinare - klokka 23.37 - hadde brannvesenet kontroll på brannen. Ingen personar var i huset, som vart totalskadd i brannen.

Stod med tom slange

Sunnmørsposten har snakka med fleire av dei lokale frivillige brannmannskapa på Vartdal torsdag føremiddag, men ingen av dei ynskjer å stå fram med namn for å kritisere den spesielle situasjonen.

Ein av dei seier det likevel slik:

– Dette var verkeleg ikkje kjekt å oppleve.

Vedkomande stod lenge med slangen framfor det overtende bustadhuse, men ikkje ein drope vatn kom fram.

Aldri opplevd liknande

– Har du opplevd liknande situasjonar i di tid i brannvernet?

– Nei, aldri noko så totalt hjepelaust som dette. To gonger fekk vi nesten kontroll på brannen med det vatnet vi hadde på tankbilane. Når vi så skulle drepe brannen heilt med lokalt vatn, fanst der ikkje dråpen, opplevde brannmannen.

Hjelpelaust uansett

– Kva viss det stod om liv for folk eller dyr, og ikkje var snakk om eit folketomt hus?

– Opplevinga er nesten like hjelpelaus uansett. Du står framfor eit brennande hus og greier ikkje sløkkje. Vanlegvis finn vi ei eller anna vasskjelde å hjelpe oss med, men i dette tilfellet var det håplaust, konstaterer brannmannen.

– Vartdal brannvern rykte ut med heile ni av sine totalt ti frivillige. Ørsta brannvern hadde endå fleire folk.

Fekk vatn frå Volda

Sindre Kongshaug ved 110-sentralen stadfestar til Smp.no at der var ein hydrant med lite trykk på, og at dette førte til problem med forsyning av vatn.

Brannvesenet fekk etter kvart forsterkingar i form av brannbil frå Ørsta og tankbil frå Volda.

Nabo: – Frykteleg redde

Møre-Nytt har snakka med nabo Geir Hole, som var vitne til brannen.

– Vi var frykteleg redde. Flammane og gnistane stod 20 meter rett til vers. Eg takkar høgare makter for at det var vindstille. Vi har ei eldre, tom løde som står like ved. Hadde brannen spreidd seg til denne, ville også bustadhuset vårt og fjøsen med grisar og kyr vorte utsett. Det er rett og slett ein skandale at brannmannskapet ikkje hadde tilgang på vatn. Dette er ikkje noko vi kan leve med, vi som bur her, seier Hole til Møre-Nytt.

Ukjend årsak

Brannvesenet dreiv med etterslokking utover natta.

Branntomta må bli kjølt ned før teknikarar kan kome inn og gjere sine undersøkingar.