LEIAR Kontrollen vart leia av politiførstebetjent Steven Blindheim.

– Vi promilletestar alle sjåførane, undersøker om dei har gyldig førarkort, om bilen har forsikring, om dei nyttar bilbelte – og om køyretøyet har vore til EU-kontroll. Det einaste vi ikkje kontrollerer denne gongen, er farta, fortel politiførstebetjent Steven Blindheim.

Han er trafikkoordinator i politiet, og var leiar av planlegginga og sjølve kontrollen.

Dei hadde stilt seg opp på Hagen i Ørsta. Her var mannskap frå både Møre og Romsdal politidistrikt, UP, Statens vegvesen og Tollvesenet til stades.

Desse gjekk i to skift, slik at kontrollen kunne vare frå ti om føremiddagen til åtte om kvelden – utan stans.

Greitt med kontroll

Derimot måtte alle førarane stanse. Ein av dei var Øyvind Liadal frå Ørsta:

EDRU Øyvind Liadal frå Ørsta var ein av dei mange som måtte blåse i alkometeret. Han var edru, og kunne køyre vidare.

– Dette er heilt greitt for meg. Eg har alt på det tørre. At det blir litt venting gjer heller ikkje noko. For eg skal ikkje langt, så dette er ikkje noko stress, seier Liadal – før han får blåse i alkometeret, som viser at han er klink edru og får klarsignal av politimannen til å køyre vidare.

– Det er berre bra at politiet viser seg i trafikken av og til. Dei kunne ei grunnen ha vore synleg der oftare, seier Liadal og kan køyre trygt vidare.

Dieselprøver

Under kontrollen torsdag tok Tollvesenet sine folk stikkprøver for å sjå om det vart nytta ulovleg, avgiftsfri diesel.

Dei undersøkte dessutan om utanlandske vogntog hadde bruksrett i Norge.

– Dei aller fleste trafikantar synest det er greitt å bli kontrollerte, og tar dette med eit smil, sjølv om dei kanskje må vente litt, legg Blindheim til.

I tillegg til å kontrollere trafikantar, og drive førebyggande arbeid, seier Blindheim det er viktig at dei ulike etatane trenar på å samarbeide:

– Målet vårt er å bli endå flinkare til å samarbeide, og på den måten utnytte ressursane og kompetansen til kvarandre på ein betre måte.

2068 kontrollerte

– I Ørsta vart tilsaman 2068 køyrety kontrollerte. Berre ein av førarane fekk utslag på ruskontrollen og fekk beslaglagt førarkortet på staden, melder politiet torsdag kveld.

19 vart bøtelagde fordi dei ikkje hadde med seg førarkortet. Medan 22 køyrety vart avskilta fordi det låg føre krav om avskilting. Hovudsakleg på grunn av manglande forsikring, årsavgift og EU-kontroll.

– Vi er godt nødge med at berre ein førar var mistenkt for køyring i rusa tilstand. På minussida er avskiltingane på grunn av manglangde forsikring, årsavgift eller EU-kontroll – og at så mange som åtte førarar fekk førelegg fordi dei køyrde med sota sidevindauge, seier politiførstebetjent Steven Blindheim, som er politiets trafikkoordinator på Sunnmøre.