– Vi har lagt planar for å handtere dette, seier kommunikasjonssjef Ingeborg Ukkelberg i Årim. Miljøselskapet Årim har kontrakt til 2019 med RenoNorden, som altså i ei børsmelding måndag kveld melde at dei er konkurs. DNB og Danske Bank har begge avslått å stille ytterlegare midlar tilgjengeleg. Sjansen for at det vert opna konkurs i selskapet tysdag er svært høg.

Ingeborg Ukkelberg i ÅRIM seier målet er at kundane skal merke minst mogleg.

– Vi har visst om dei økonomiske problema sidan i vår, og har lagt planar, fortel Ukkelberg i Årim. Selskapet sitt hovudmål er at kundane skal merke minst mogleg

– I første omgang ønskjer vi å ta over både bilar, folk og rutinar som RenoNorden har hatt i våre kommunar, seier Ukkelberg. Målet er at ting skal gå som normalt. Kva vi gjer på lengre sikt må vi kome tilbake til seinare.

– Korleis blir det konkret med henting tysdag?

– Tysdag vil hentinga gå som normalt. Og førebels er det RenoNorden som har regien. Med det sagt er vi budd på å ta over på kort varsel.

– Det kan bli dagar med driftsutfordringar. I ein konkurssituasjon er vi avhengige av å få til ein avtale med bustyrar for å få disponere biler og folk. Målet er likevel at folk skal merke minst mogleg og vi har tru på at dette skal ordne seg, seier Ukkelberg.