- Veldig kjekt å bli spurt og naturleg å takke ja fordi det er eit ekstremt godt formål, seier 21-åringen i ei tilsendt pressemelding.

Verdsmeistereren i 400 meter hekk signerte avtalen i den nye MOT-loungen ved Ulstein ungdomsskule. 21-åringen som starta karrieren i Dimna IL har sjølv hatt MOT-programmet då han var elev ved Ulstein ungdomsskule.

- Eg har sett at det er eit arbeid som er viktig. Eg ser at det har vekse mykje sia eg gjekk her og det er bra, seier Karsten.

- Passar godt som MOT-ambassadør

Dei unge MOTivatorane i 10.klasse synest det er gøy at Karsten vil vere MOT-ambassadør for Ulstein.

- Det er ekstra gøy for oss som går på friidrett, at han kjem frå vår klubb Dimna, samstemmer Mats Fredriksen og Anette Lydersen, som er to av fjorten 10.klassingar som er skulerte som «Ung MOTivator» ved Ulstein ungdomsskule.

- Det at han takkar ja seier noko om han som person og han passar veldig godt som MOT-ambassadør og førebilete for ungdom, held Mats og Anette fram.

- Viser at han bryr seg

- Det er kjempekjekt at han Karsten vil vere med som MOT-ambassadør i Ulstein. Det viser at han bryr seg om lokalsamfunnet sitt, og at han sjølv har gode erfaringar med MOT frå tida då han hadde dette programmet i ungdomsskulen, seier MOT-leiar og ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh i pressemeldinga.

- Det er veldig bra at vi har fått inn Karsten Warholm som lokal MOT-ambassadør i Ulstein kommune. Karsten lev opp til dei gode verdiane til MOT, og vi er sjølvsagt stolte over at han er tidlegare elev ved ungdomsskulen. Vi er allereie i dialog rundt eit opplegg der alle elevane ved Ulstein ungdomsskule får møte Karsten og høyre korleis han har arbeidd for å bli verdsmeister, seier rektor Romestrand.

Førebilete for ungdom

- Vi veit at Karsten har det hektisk, men vi satsar på at han blir med på eit eller fleire av våre arrangement når det klaffar for han, avsluttar MOT-koordinator Marie Flatin i Ulstein – Lokalsamfunn