Måndag kveld varsla renovasjonsselskapet RenoNorden at dei konkurs. Selskapet har kontrakt med Årim om henting av restavfall og papir i 12 kommunar i Ålesundregionen. I dag vart det opna konkurs i selskapet.

– Vi har lagt planar for å handtere dette, sa Ukkelberg i Årim til Sunnmørsposten i går.

Advokat Anja Flo Lauvik stadfester no at bosshentinga skal gå som normalt inntil vidare.

«Konkursboene informerer om at deres ansettelsesforhold ikke er avsluttet og at det skal være vanlig drift i selskapene inntil annen beskjed gis», skriv Lauvik i ein e-post til Årim.Konkursbuet sikrar også løn og uteståande feriepengar til dei tilsette.

Dette betyr at alt går som normalt dei næraste dagane, seier Ingeborg Ukkelberg, kommunikasjonssjef i Årim, til Sunnmørsposten.

Det usikre er kva som skjer på litt sikt. Advokat Lauvik opplyser at konkursbuet arbeider med å finne ei varig løysing. Bustyraren har ni dagar på å finne ei løysing.