Fylkesveg 63, Stranda:

Skal sette opp nytt rekkverk på Ørnevegen

Eitt felt stengt ved Møllsvingen frå veke 39 til 43.

Ørnesvingen på toppen av Ørnevegen i Geiranger. ARKIVFOTO: STAALE WATTØ  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Måndag 25. september startar arbeidet med å sette opp nytt rekkverk ved Møllsvingen i Ørnevegen på fylkesveg 63 mellom Geiranger og Eidsdal, melder Statens vegvesen.

- Det blir arbeid frå måndag til fredag frå klokka 07-16 frå veke 39 til 43. Eitt køyrefelt blir stengt så trafikantane må ta omsyn til kvarandre, heiter det.