Telekrøll i Tafjord og Flyene

Fiberfeil i Eidsdal gjer at to mobilstasjonar er ute. Telenor håper feilen vil vere retta i løpet av tysdag.

Utsikt frå Flyene og i retning Tafjord. ILLUSTRASJONSFOTO: LINE HELGESEN 

Nyheter

Smp.no får tips om telekrøll i Tafjord tysdag. Og, kan informasjonssjef Anders Krokan i Telenor fortelje:

- Vi har ein fiberfeil i Eidsdal. Denne gjer at to mobilstasjonar er ute i Flyene og Tafjord. Slik har det vore sidan måndag ettermiddag, med det som konsekvens at mobiltelefondekninga er redusert eller manglande for dei som er i området. I tillegg til dette er det 21 fasttelefonkundar som ikkje har samband som følgje av feilen, seier han.

- Når reknar de med at dette er fiksa?

- Vi har folk på veg ut tysdag ettermiddag, og desse jobbar til feilen er retta. Med mindre det skjer noko uventa er planen at dette skal vere oppe og gå att i løpet av dagen, seier han.