I følgje tal frå Møre og Romsdal fylkeskommune er det registrert over 20.000 attståande bilar på dette sambandet så langt i år. Dette er nær dobbelt så mange som for eksempel Vestnes - Molde som er nummer to på lista over attståande bilar.

Berre i august sto 2.053 bilar att på sambandet Eidsdal - Linge, i følgje statistikken.

Rute 15 har frakta 248.000 bilar så langt i år til og med august. Dette er ei auke på 4,82 prosent. Det sambandet som har prosentvis størst auke på Sunnmøre i august er Hundeidvik - Festøy med 15,5 prosent.

Den totale trafikken på ferjesambanda i fylket er aukande.

Molde - Vestnes er det sambandet som har størst trafikk med over 1.058.000 bilar (pbe) så langt i år. Hareid - Sulesund (804.000) kjem på andreplass, fulgt av Festøya - Solavågen (788.000) og Magerholm - Sykkylven (779.000).

Illustrasjonsfoto. Fergen M/F Solskjel fra Fjord1 på sambandet Eidsdal – Linge. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix