Då brørne møttest i retten i Førde sist måndag hadde 34-åringen ikkje snakka med storebroren (39) sidan dei blei varetektsfengsla etter brannen.

– Då eg møtte han her sa eg til han at «Du vil alltid vere min bror, men eg vil ikkje ha noko meir med deg å gjere». Han får ikkje møte barna mine meir, sa 34-åringen og brast i gråt i vitneboksen.

Sjokkert og lei seg

– Eg forstod ikkje kvifor han kunne ha gjort det eller kva det handla om. Eg blei sjokkert og lei meg, og eg har vore utruleg sint desse månadene, sa mannen som var styreleiar og medeigar i hotellselskapet.

Aktor prøver å knyte den tiltalte styreleiar til at han er den ukjende Mr. X som var med til Selje, saman med hotelldirektøren som har tilstått å ha tent på hotellet.

Det er funne hanskar med 34-åringen sitt DNA på i det brannherja hotellet. Hanskane var slengt ved ei ytterdør, men tiltalte synest ikkje dette er merkeleg, sidan han brukte slike hanskar mange gonger i arbeidet på hotellet.

Spelte Game of War

Tiltalte fortalde at han hadde spelt dette i sju år, på mobiltelefonen sin. Han har brukt mykje tid, og pengar, på spelet. Når det er såkalla «eventar», samlar spelarane seg til alliansegrupper og går i «krig» med kvarandre.

Og tiltalte forklarte at han har spelt opptil 30 timar i strekk i dette spelet. Det er eit spel som han alltid hadde gåande og spelar på telefonen.

Tek på seg all skuld

Og i retten onsdag skildra han korleis det var å utføre arbeidet som la grunnlaget for brannen.

– Det er eit stort hotell, på fleire tusen kvadratmeter. Eg sprang rundt på heile hotellet og bar tunge bensindunkar. Viss eg hadde hatt medhjelparar, så ville eg ha fordelt jobben. Eg veit eksakt kvar eg la ting og kva eg gjorde. Viss eg hadde hatt medhjelparar, så hadde eg jo ikkje hatt kontroll, sa tiltalte og la til:

–Dette beviser at eg var åleine. Kvifor skulle eg ta alle byrdene sjølv? Eg var heilt utsliten. Det var som eg hadde dusja. Viss eg hadde samarbeidd med brørne mine, då ville eg ha fordelt jobben.

Han veit ikkje kor lang tid det tok å førebu hotellet på brannen, men kanskje halvannan til to timar. Kanskje lengre.

– Eg var sveitt og trøytt og hadde adrenalinkick, fortalde tiltalte som etter at jobben var utført bad vennen, som er blitt omtalt som Mister X, køyre bilen tilbake til Stockholm.

–Eg ville vekk så fort som mogleg, sa tiltalte som meinte dei stoppa kanskje to-tre gonger for korte røykestopp. Han meiner dei også stoppa på ein bensinstasjon, kanskje på Otta og kjøpte kaffi – iført parykk og lausskjegg.