(morenytt.no)Den tiltalte har vore ein kjenning av politiet på Austlandet, og fleire av lovbrota hadde skjedd tilbake i 2015. I juli og september 2015 var mannen stoppa av politiet, og han innrømte å ha rundt 320 gram amfetamin på seg. I mars i år vart mannen stoppa då han køyrde bil utan gyldig førarkort, og det vart avdekt av han hadde rundt 1,5 kilo amfetamin i bilen. I mars i år kom mannen med buss til Volda. Politiet hadde fått tips om mannen var på veg til Sunnmøre, og stoppa mannen etter at han hadde gått av bussen i Volda. Der innrømte mannen å ha rundt 525 gram amfetamin og rundt 525 gram hasjisj i bagasjen.

Drapstrugslar

I tillegg til grove narkotikalovbrot var mannen tiltalt for å ha kome med drapstrugslar i sosiale medium, tjuveri av over 20.000 kroner, to tilfelle av promillekøyring, to tilfelle av vald og skadeverk på ei leilegheit. Då retten vart sett erkjente den tiltalte straffskuld i alle tiltalepunkta.

Forsvarar Morten Johan Bjønnes sa i retten at tiltalen mot klienten var lang.

– Heldigvis er den det. Tiltale har sjølv ønska ei rettssak der alle lovbrota var samla. Eg vil gje påtalemynde honnør for at dei har gjort det i denne saka, sa Bjønnes.

I retten forklarte den tiltalte at dei store mengdene med narkotika ikkje var unormale og at det var til personleg bruk.

– For å sleppe å ta mange turar ville eg ha ei ladning som skulle vare over lengre tid. Hovuddelen av dette skulle dekke mitt eige forbruk, sa mannen som estimerte at han brukte rundt fire gram med amfetamin i døgnet.

Tomme trugslar

Mannen forklarte at trugslane han hadde kome med var tomme trugslar, og i frustrasjon fordi han følte seg trakka på og oversett. Han forklarte og at på første gang på tjue år har han vore rusfri. På spørsmål frå forsvarar om kva han tenkjer om framtida svarte den tiltalte mannen at han treng behandling. I tillegg hadde mannen eit ønske om å seie unnskyld til fleire av personane som hadde gjort urett mot.

I utgangspunktet var det sett av tre dagar til handsaminga av saka i Søre Sunnmøre tingrett. Grunna tilståinga til mannen vart behandlinga av saka sluttført onsdag.

Denne saka vart først publisert i Mørenytt