Dette seier Randi Myklebust (24) i Skjåstaddalen på Bjørke. Saman med ektefella Magnus Knudsen (29) frå Vegsundet i Ålesund har ho nyleg teke over garden etter faren Jarle Myklebust, som la ned dyrehaldet for eit par år sidan.

Siste: Avlyser folkemøte om grensejustering av Bjørke krins

Lesarinnlegg om «Nye Volda»: Unge på Bjørke vil til Volda

Satsar – og vel Volda kommune

– Vi ser såpass mange positive sider ved Bjørke, at vi bestemte oss for å satse på å vidareføre gardsdrifta, fortel Myklebust.

Merkedag Same dag som gardbrukarparet Knudsen/Myklebust fekk nye dyr til nær 400.000 kroner inn fjøsdøra, var dei med på å sende resolusjonen om viljen til å skifte frå Ørsta til nye Volda.

Først vart det ein flokk franske ammegeiter. Torsdag kom så ein stor dyretransport frå Aukra, fullasta med kostbare drektige kviger og kyr av Aberdeen Angus.

– Vi satsar på livdyrsal, og at det vil løne seg bra, seier Magnus Knudsen. Han er snikkar av yrke. Nesten all fritid siste året har gått med til å byggje om fjøsen frå vanleg mjølkeproduksjon til lausdrift for kjøttfe. Utan faste mjølketider morgon og kveld, kan paret satse på arbeid attåt garden. Om eit par månader ventar dei to sin førstefødde.

På næraste grannegarden bur eit anna ungt par som satsar, odelsjenta Maria Nikkinen Rørstad (30) og Torbjørn Hoel (35).

Ho driv etter «Inn på tunet»-modellen, medan han har arbeid i Ørsta.

Kvivsvegen skapar endringar

Sonen skal han snart hente i barnehagen i Hornindal. Og der skal også alle borna frå Bjørke gå på skule frå 2018. Mamma Maria ser det som naturleg at dei også vert ein del av lokaldemokratiet der borna er.

– No har det vorte altfor mykje rot, synsing, kjensler og uvisse kring spørsmålet om samanslåing med Volda.

Grannar Magnus Knudsen/Randi Myklebust og Maria Nikkinen Rørstad/Torbjørn Hoel er mellom fleire unge på Bjørke som hevdar at Kvivsvegen har endra farmtida for Bjørke.

– Komande onsdag skal det vere eit stort folkemøte om saka, med alle tre kommunane involvert. I forkant av dette var vi ein gjeng på åtte unge vaksne som no her sendt ein formell søknad til fylkesmannen om å greie ut ei grensejustering. Først då kan vi starte med blanke ark, meiner ho.

Nikkinen Saure utdjupar:

– Både foreldra- og besteforeldra våre var med og kjempa fram Kvivsvegen. Vegen har endra landskap, avstandar og sørvisfunksjonar. No er det naturleg at vi dannar ein felles og slagkraftig krins med Grodås, Kalvatn og Austefjorden.