Det kjem som eit skråsikkert statement frå sauehaldaren og hundesankaren. Han har bakgrunn som landbrukssjef og til sist kommunalsjef i den vakre landbrukskommunen Vanylven.

I tillegg har han femti års fartstid som sauehaldar, og nesten like lang tid som hundehaldar på høgt nivå.

Ei rekkje fylkesmeisterskap for gjetarhund er henta heim. Mange topphundar er levert nye eigarar.

I tillegg har Arnesen i fleire tiår vore fast sauedommar på livdyrutstillingar, han har hatt ei rekkje tillitsombod og han har teke på seg krevjande sankeoppdrag i haustfjellet for kollegaer i sauebransjen.

Atle Arnesen kunne såleis lett sjåast om levandegjeringa av «Den annsame», i Jan Magnus Bruheim sitt tidsaktuelle dikt:

Han har ikkje stund til å stoggeog ikkje tid til å sjå.Menneske som han møterdei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.Det gjeld um å fara fort.Mykje var det å gjera.Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.Han står der, studd over stavog spør: Kva har livet gjeveog kvar har det vorte av?

Slik jaga han gjennom livetutan å få det fatt.Ei glede sprang etter på vegenmen nådde han aldri att.

Fekk sansa seg

– Dette diktet, med desse utruleg kloke og innsiktsfulle orda – dei henta meg inn. Dei nådde meg att på vegen, bokstaveleg tala. Det førte til at eg pensjonerte meg så tidleg som berre råd. Eg ville ha tid til å ta livet fatt att, med det som interesserer meg aller mest, smiler den unge pensjonisten. Særleg dei siste åra som kommunalsjef i kommunen opplevde han som ei krevjande stilling på heildøgnsbasis.

– Men når ein først får sansa seg og tenkt seg godt nok om, så kan ein vere klar til å gjere eit verdival slik eg gjorde, seier Atle.

Femti år som pelshandlar

I år kan han feire femti år som sauehaldar.

Og ikkje kva som helst slag sau: Pelssau.

Dette er ein sterk minoritet som rase i Norge, med berre 8-9.000 vinterfôra individ. Atle Arnesen og kona Dagrun Molvik fôrar kvar vinter fram 65 av desse. Dei blågrå leverer eit lammesnitt på 2,25 per sau, og ein avdrått som ligg 50 prosent over snittet på annan sau. På toppen kjem verdien av skinnet, som Atle Arnesen brenn slik for.

– Skinna har i alle mine år som oppdrettar vore ettertrakta. Dei har vorte selde i lottar på fleire like skinn, på dei kjende pelsauksjonane i København, Malmø og i Hudson Bay i Canada. Omtrent akkurat som skinn frå pelsdyr, og etter same auksjonsprinsippet.

– Såleis har salet av saueskinna også alltid hatt ein glans og internasjonal børs og spenning over seg, opplever bonden. Atle Arnesen tente seg altså til sin første pelssau, då han var tretten år og hadde sommarteneste hos grannen Ola Sørdal.

Fekk stammora i arbeidsløn

– Vi kalla han Dale-Ola. Eg gjekk ofte i føtene hans og såg mykje opp til grannen då eg voks opp.

– Han hadde starta med pelssau året før, og han skjønte at eg alt delte interessa hans. Difor vart arbeidsløna mi eit årslam, som neste år kom med tvillingar og som vart stammora til flokken eg har den dag i dag, fortel Arnesen. Også faren dreiv med sau, av den tunge og trauste rasen Ryggja. Han hadde tenkt å investere i pelssau i lag med grannen Ola, men trekte seg då han fekk sjå dei første eksemplara.

– Far likte ikkje fargen, dei var granne og langhalsa og høgføtte – og til overmål hadde dei svart fjes! Men etter kvart skulle også han verte omvend, og sidan har det vore berre desse på garden. Ein nesten problemfri sort gjennom heile året – og svært takksam å stelle for, skryter pelssauambassadøren.

Sjølv om rasen er fåtalig i landet, finst dei over heile Sunnmøre, til dømes i Syvde, Liabygda, Eidsdal, Sykkylven, på Flø og på Vigra. – Dei har nok sett same kvalitetane som eg, trur Arnesen.

Sau som møbelstoff

Han har levert prøveskinn til møbelfabrikken Brunstad i Sykkylven, som luktar på mulegheita for å bruke kortklipte skinn som møbelstoff.

– Eg har visse voner til dette prosjektet. Det vil verte ein dyr stol som er trekt med fleire saueskinn. Men han vil verte tilsvarande eksklusiv, slitesterk og nydeleg å sitje i.

– Skinna kan elles brukast i alle variantar. Ikkje minst til friluftsliv har eg gode erfaringar. Dei toler snø og væte, og dei varmar betre enn alle kunstige sitjeunderlag, reklamerer produsenten. Som ikkje er det minste redd for avsetnaden på skinn i si eiga levetid.

– Men eg vonar fleire fattar interesse for pelssauen, slik at vi sikrar ei sikker stamme for framtida, seier entusiasten. Som faktaopplysning legg han fram at pelssauen er ei kryssing mellom norsk blå spelsau og svensk gotlandsfår. Det norske sikra særleg glansfull pels, det svenske sikra dårelokkane i ulla.

– Dette vart ein avlsmessig innertiar over landegrensa. Og noko som inspirerte meg sjølv til å skrive hovudoppgåva mi på Landbrukshøgskulen særoppgåva på arvefaktorar på sau. Oppgåva vart til mi glede eit referanseverk etter kvart, seier Arnesen.

Når det gjeld hundehaldet hans, så vert dette for tida bretta vakkert ut i snuttar og sendingar på NRK. Sjølv seier Arnesen det slik: – Det blir ikkje vakrare stund for meg som menneske, enn akkurat når alt fungerer mellom mann og hund og sau i haustfjellet!