– Nesten ikkje til å tru

Hornindalsordføraren om forsøplinga i Hornindalsvatnet.

Frå arkive Ei annonsa på trykk i Fjordingen i 1977.   Foto: Roy Aron Myklebust

Ordførar Stig Olav Lødemel (H) i Hornindal.  Foto: Arkivrfoto

Nyheter

(Fjordingen) Fjordingen har sett søkelys på denne saka gjennom både filmreportasje og ei rekkje artiklar. Eit dykk i eige avisarkiv viser at Hornindal kommune sjølv tok til orde for å dumpe bilvrak i Hornindalsvatnet.

Hornindalsordførar Stig Olav Lødemel seier det er kjend at dette vatnet har vore nytta til dumping av bilvrak.

Europas djupaste vatn har sine skjelett i skåpet:

Hornindalsvatnet: Fullt av dårleg samvit

Det er ikkje lenger berre eit rykte at Europas djupaste vatn har fungert som søppelplass. Det som skal bli drikkevatn i Eid kommune bognar av all slags skrap. Utanfor Kjøshammaren ligg ein heil bil-kyrkjegard.


– Men det er spesielt å sjå omfanget. Det er og spesielt å lese at kommunen sjølv vurderte dumping av bilvrak i vatnet som ei god løysing. Det er nesten så ein ikkje kan tru det er sant. Verda har heldigvis gått framover, seier Lødemel.

Hornindal kommune har no søkt om midlar til å gjere diverse prøver av vatnet.

Saka blei først publisert på Fjordingen.no