Avisa nett.no skriv at kjøpargruppa med fem investorar har lagt hotellplanane på is.

– Dette er ikkje dramatisk. Det er litt uavklart, slik som det har vore heile tida. Det er fleire som snusar på hotellet, og eg er framleis optimist, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal til Sunnmørsposten.

140 millionar

Ifølgje nett.no var Ståle Åhjem ein av investorane, saman med John Olav Lefdal. Gruppa har rekna på at dei måtte bruke 140 millionar kroner for å få nytt hotell på plass. For å få balanse måtte dei også ha minst 30 millionar kroner i årleg inntekt. Kostnadene, og manglande interesse frå etablerte hotellkjeder til å vere med på satsinga, gjorde at planane blei lagde på is, ifølgje nett.no.

Konkurranse

Også konkurranse frå hotell i Måløy og på Stadlandet blir trekt fram.

– Dette blir deira vurdering, men mi vurdering er at nokre hotellrom på Stadlandet ikkje er i direkte konkurranse med hotell i Selje. Vi veit at turiststraumen er aukande og satsinga på Stadlandet er kjærkome og ikkje i konkurranse med Selje. Potensialet er enormt, meiner Osdal.

At hotell ligg nær kvarandre ser ein både på Nordfjordeid og Sandane. Osdal viser også til at det ligg fleire hotell tett i Ålesund sentrum.

– Fryktar du at hotellet ikkje blir bygd opp igjen?

– Nei, eg er optimist. Det er ti månader sidan brannen, og det er ikkje lenge, seier Osdal som like etter brannen nok trudde det ville gå raskare.

Rettssak

Hotellet blei totalskadd i brann i november 2016. Han som var hotelldirektør har tilstått brannstifting og at han tappa hotellet for pengar.

Rettssaka er for tida til behandling i tingretten.