Paddene i Austefjorden har vorte kjendisar, alle som ei i den rekordstore bestanden i skogen bak Lissjevatnet ved Fyrde.

Hundrevis av padder vart klistra av bilhjul kvar einaste vår og haust, heilt til Statens vegvesen tok tak og bygde eigne tunnelundergangar for paddene.

Eit millionprosjekt som nok aldri hadde sett dagens lys eller nattas mørker utan eldsjelene Oddvar Olsen og Gunnar Wangen.

I over to tiår har dei to stått på for desse særeigne dyra, som neppe alle ville ynskje seg som kjæledyr...

Heider og ære

Og det var etter eit tips frå Oddvar Olsen at filmskapar Are Pilskog (41) fatta interesse for paddene.

Etter å ha laga den vilkårslause suksessfilmen «Havets sølv», tok han paddemarka i Austefjorden fatt.

Iført vadarar og oljehyre, eller kva anna som måtte til for å kome seg ned i gjørma på paddene sitt nivå.

Og under vatn, der paringa og egglegginga føregår, akkurat som hos silda i den førre filmen.

No får Are Pilskog ekstrabetaling for innsatsen. Ikkje nødvendigvis som klingande mynt, men som heider og ære.

Fekk to filmprisar

Nyleg var han i Estland på ein større naturfilmfestival der, og Pilskog henta like godt heim prisen for beste film.

– Kanskje endå høgare heng pris nummer to, for beste regi. Dette fordi eg både regisserte og gjorde det meste andre i denne filmen sjølv, seier Pilskog kry. Han legg på ingen måte skjul på at det heng høgt å få to slike prisar, på ein og same festival.

– Dette handlar ikkje om direkte økonomisk vinst, men om uhyre verdfull heiderleg omtale.

– Dette er noko som kan tyde svært mykje i min bransje, veit Pilskog.

Paddeskulptur: Det er svært sjeldan det ikkje finst folk kring denne enorme paddeskulpturen i Austefjorden, laga av Robert Steinnes. Her er det Austfjord barnehage som helsar på.

Får god draghjelp

Han fortel at han har hatt svært god draghjelp av Norsk filminstitutt.

– Dei har sendt ut - og tilrådd filmen til festivalar og liknande i mange land, og syter dermed for at han får ein sjanse til å hevde seg – slik som i Estland. Og fleire spennande internasjonale festivalar står for tur, fortel Pilskog.

Filmen hadde premiere på Dokumentarfilmfestivalen i Volda i februar 2015.

Seinare har han gått sin sigersgang – inkludert på NRK.

– Du har vel andre spektakulære prosjekt på beddingen?

– Det har eg! Men det er for tidleg å seie meir om dette no, seier filmprisvinnaren.

Les flere kulturnyheter på smp.no

Are Pilskog i Blåst film as tek imot prisen som beste regissør i Estland. «Kunsten å leggje seg paddeflat» vart også kåra som beste film på naturfilmfestivalen. Pressefoto.