Godvêret kan gi tørkerekord på Sæbø

September har vore tørr på Sunnmøre. Ved målestasjonen på Sæbø i Ørsta har dei aldri målt mindre nedbør i september.

Godvêr September har vore rekordtørr i Sæbø-bygda.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Så langt i september har Meteorologisk institutt registrert 41,4 millimeter med nedbør på Sæbø i september. Rekorden er 47,8 millimeter, den blei sett i 1996. Målingane på stasjonen byrja i 1972.

Tørr kyst Her har september vore rekordtørr, ifølgje meteorologane.  Foto: Meteorologisk institutt/@Meteorologene

Saman med Verdal, Bodø og Andøya ligg det altså an til rekord denne månaden, vel og merke om det ikkje kjem regn innan laurdag.

Onsdag morgon melder Meteorologisk institutt på Twitter at stabile høgtrykk i aust gir godt vêr i Nord-Norge til over helga, mens lågtrykk kommer med regn i sør.

Sæbø og Sunnmøre ligg på grensa mellom høg- og lågtrykk. Ifølgje yr.no er det førebels ikkje meld om nedbør dei neste dagane, sjølv om det er meld meir skyer enn tidlegare i veka.

Ifølgje Møre-Nytt så trur heller ikkje vêrobservatør Endre Standal på meir regn denne månaden.

Varmt på Vestlandet: Varmerekord i Bergen i september


Heilt topp i 20 pluss!

– Himmel og hav, kan det bli betre?