Då Jorunn Overvåg og mannen Bjørn frå Ulstein skulle køyre om bord i bilferja «Tidefjord» torsdag morgon 08.30 frå Hareid, gjekk bommen ned.

Både bilen til Overvåg, og bilen som kom bak, blei ståande utpå ferjelemmen medan ferja gjekk. Her måtte dei stå til neste ferje kom.

– Grønt lys

Overvåg og mannen var på veg til sjukehuset i Ålesund, og kom køyrande mot ferja. Ho fortel følgjande om den utrulege hendinga:

– Klokka mi var ikkje slett halv ni. Ein stor trailer var i ferd med å køyre om bord, og det var grønt lys på både fil nummer tre og fire for ombordkøyring. Så vi køyrde litt raskt for å kome med, seier Overvåg.

– Vi låg ikkje tett bak traileren, men kanskje 10-15 meter bak. Hadde vi vore noko tettare hadde jo ikkje dei på ferja sett oss, seier ho vidare.

– Idet eg merka at bommen byrja å gå ned var det for seint. Eg ville jo ikkje få bommen på taket heller. Eg såg at dei løfta kanten, og då måtte eg berre stanse, seier ho.

– Eg blei veldig overraska og forbausa, seier Jorunn Overvåg. Foto: Smp-tipsar

Meiner dei såg ho

At der var grønt lys er ho heilt sikker på.

– Eg såg det, mannen min såg det, og dei som køyrde bak køyrde jo på grønt, seier Overvåg.

Ho fortel også at der var mannskap om bord på ferja som såg at ho stod att på lemen medan ferja la frå kai.

– Eg trudde ikkje det var mogleg. Vi måtte jo berre stå der. Eg ville rygge bak, men då kom eg baki ein bil til som sto fast.

Ifølgje Overvåg kom det heldigvis ikkje skade på nokre av bilane.

– Forferdeleg

Overvåg beskriv situasjonen som heilt forferdeleg.

– Dette bør ikkje nokon få oppleve, seier ho.

– Dei må jo ha rutinar som gjer at dei ser om der står bilar som har kome heilt fram. Såpass med tid synst eg dei kan ta seg, seier ho.

Ho meiner også at lysa bør lyse raudt i god tid før bommen går ned.

– Dei kunne i alle fall ha teke opp bommen så vi kunne køyre bak. Eg kunne godt vente på neste ferje eg. Men vi visste jo ikkje om det var trygt å stå på lemen heller, seier ho.

Då Høgsfjord kom, måtte bilane rygge tilbake først. Foto: Privat

Legg seg flat

Regionsjef Inge Andre Utåker i Norled sa tidlegare i dag til Smp.no at det ikkje er slik det skal vere.

– Det er sjølvsagt feil, og vi skal ikkje ha det slik. Prosedyrene erikkje følgd, og dette kan ikkje skje fleire gonger, sa Utåker torsdag.