I Ulstein er no 5,4 prosent meldt ledige hos NAV – noko som er nest høgst av alle kommunar i landet. Hareid med 5 prosent ligg på 5.-plass, Herøy med 4,4 prosent er på 11.-plass, medan Sande er eit stykke ned med 3,4 prosent.

Ulstein på landstoppen i arbeidsløyse: Knut gjekk frå olje til fisk

Ifølgje den siste NAV-oversikta er det no 636 arbeidssøkjande i desse fire kommunane. Hausten for to år sidan var det 446, noko som bety ei auke på 42 prosent i løpet av desse to åra. I tillegg kjem mange som er permitterte eller på tiltak.

Hausten 2015: Nesten tusen flere ledige på ett år

Til samanlikning har arbeidsløysa i same periode i Ålesund gått ned med meir enn 20 prosent.

Både i Molde og Kristiansund ligg arbeidsløysa på same nivå som hausten 2015.

Det er også tilfelle i dei to andre Søre-kommunane Ørsta og Volda, medan dei i Vanylven har halvert talet på heilt ledige. For dei andre kommunane på Sunnmøre er bilde i hovudsak at arbeidsløysa har gått noko ned, eller er på same nivå som hausten 2015.

Fylkesdirektør Stein Veland i NAV reknar det som sannsynleg at arbeidsløysa stig dei neste månadene.